Skular avlyser «I Guds namn»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det verste er at elevane ikkje får danne seg sin eigen meining om dette stykket. I staden vel lærarane på ungdommen sine vegne. Det er ein form for overgrep, seier Trond Birkedal, sjef for Hordaland teater, til Bergens Tidende.

«I Guds namn» er skrevet og regissert av Nils P. Munk. Hordaland teater har produsert framsyninga på bestilling frå Hordaland Fylkeskommune, og er eit bidrag til grunnlovsjubileet rundt paragraf to i Grunnlova, som seiar at alle innbyggarar i riket har fri religionsutøving.

Hard kritikk
Etter premieren 16. januar retta biskop Halvor Nordhaug hard kritikk mot framsyninga gjennom ein kronikk i BT. Han skriv mellom anna at «I Guds namn» gir eit einsidig og karikert bilde av kristne miljø som noko farleg. Lærar Eirik Sukke ved St. Paul skole skreiv like etterpå at framsyninga ikkje passa for 8. klassingar og at stykket er «vulgært, uklart tenkt og virkelighetsfjernt».

Etter denne kritikken har avlysingar frå skulane starta å tikka inn. Framsyninga skulle settast opp for 16 ungdomsskular i Hordaland som ein del av Den kulturelle skolesekken, eit opplegg der skuleelevar får møta profesjonell kunst og kultur i skuletida. Årås skule og Fedje skule er blant skulane som har avlyst framsyninga.

– Vi har følgt debatten i BT og vi vart usikre på om temaet som var annonsert kom tydeleg nok fram i stykket. Vi var også usikre på om det passa for denne aldersgruppa, seier Bodil Boie Brekkan, rektor på Årås skule i Austrheim til BT.

Ho seier dei ikkje har avlyst arrangement i regi av Den kulturelle skolesekken tidlegare.

– Nei, det har vi ikkje, men vi har aldri opplevd at eit stykke har fått en sånn kritisk medieomtale før heller, seier Brekkan.

Les saka i Nordhordland.no!