«Skam» er eit globalt fenomen

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lenge gjekk «Skam» under radaren til medie-Noreg, men det ser ut til at journalistane og kommentatorane elskar serien minst like mykje som tenåringane. No har også resten av verda fått auga opp for dramaet som utspelar seg på Hartvig Nissens videregående skole. 

Før helga publiserte Framtida.no to saker om den pågåande sesongen av «Skam». Ei sak om at Isak og Even er førebilete, og ei sak der Ungdomstelefonen fortel at fleire tek kontakt etter NRK-seriane «Skam» og «Ut av skapet».

Den eine artikkelen vart plukka opp av Twitter-kontoen ISAK+EVEN, ein av mange fankontoar.

 

I tråden la kontoeigaren også ut lenka til artikkelen, som umiddelbart vekka interesse i heile verda.

Frå Brasil, Kina, Egypt og Hellas kom det lesarar til Framtida.no, samt frå Sør-Korea, Malaysia, Panama og New Zealand. Lesarar frå Saudi-Arabia, Taiwan og Thailand prøvde også å lese artikkelen på nynorsk, samt 28 danskar og 20 svenskar.

Også den engelske versjonen av artikkelen (Google translate) fekk besøk frå ulike delar av verda.

 

Eit opprop med over 1000 underskrifter har bedt NRK om å legge engelske undertekstar på serien. Grunna musikkrettar er dette ikkje mogleg, og nokre av fansen har difor teke saka i eigne hender, og lagt ut klippa på YouTube.

«Skam» er no eit globalt fenomen, men i helga vart det klart at sesong 3 tek pause fram til 11.november.


Heile verda ventar på kva som skjer vidare med Isak og Even. Skjermdump frå NRK.

Les meir om «Skam»