Skal vekkja endå meir oppsikt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eidfjord kommune har store forventningar. Med dei nye utkikkspunkta og den spektakulære brua er eg viss på at dette vil verta ein attraksjon i verdsklasse, uttalar ordførar Anved Johan Tveit i ei pressemelding frå Nasjonale Turistvegar.

Ein av dei mest besøkte i landet
Med vedtaket i kommunestyret nyleg er ein viktig milepåle i arbeidet med utviklinga av ikonpunktet Vøringsfossen nådd, meiner dei.

Vøringsfossen er ein av dei mest besøkte turistattraksjonane i landet, men er lite tilrettelagd, dårleg sikra og med mangelfulle tilbod som gjeld parkering og toalett.

Dei nye planane omfattar ei spektakulær bru og nye utkikkspunkt. I beste fall kan arbeidet starta alt i haust, meiner ordførar Anved Johan Tveit.

Skaper vekst og bulyst
Nokre få kritiske merknader har kome til prosjektet, men det store fleirtalet både i næringslivet og Hardanger elles ynskjer utbygginga velkomen, meiner han.

– Etter mitt syn vil dette skapa vekst og bulyst i heile Hardanger, seier han.

Utbygginga er kalkulert til 150 mill kr, og Eidfjord har lova å stilla med 20 mill kr til prosjektet. Andre som skal vera med å betala er Hardangerrådet, fylkeskommunen, og staten gjennom Nasjonal Turistveg-prosjektet.

Jan Andresen som leiar Turistvegseksjonen i vegvesenet håpar Vøringsfossen får sitt velfortente lyft innan 2020. Arkitektkontoret Carl-Viggo Hølmebakk AS har utforma løysingane i planen som er vedteken.

Les saka i Avisa Hordaland!