Skal utdanna framtidige juristar i klart språk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Klare og forståelege lover, forskrifter og offentlege dokument er viktig for demokratiet og rettstryggleiken. Men juridisk språk kan vera ganske komplisert. No skal jusstudentar trenast i å skriva godt og klart språk, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sannar i ei pressemelding.

Sist veke skreiv han under ein avtale som gjev Universitetet i Oslo tre millionar kvart år, for å integrera klart språk i undervisinga og forskinga på det Juridiske fakultetet.

QUIZ: Prøv deg på den stor juss-quizen vår!

Fakultetet vil etablera ei fast professorstilling og tre stipendiatstillingar til fagområdet.

– Juristane har alltid vorte utdanna til å tolka rettskjelder og formidla juridisk kunnskap til kvarandre. I tillegg er det viktig at juristane lærer å formidla jussen slik at han er forståeleg for vanlege folk anten dei les eit vedtak eller ei lovtekst. Klart språk styrkjer rettstryggleiken, men rettsreglane vil òg bli betre, seier dekan Dag Michalsen.

LES OGSÅ: – Juridiske tekstar er best på nynorsk

LES OGSÅ: Får pris for å støtta nynorske juss-studentar