Skal snakka unge si sak i Hordaland

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Agnes Hoshovde Bernes frå Radøy er nyvald leiar i Ungdommens fylkesutval i Hordaland.

Gratulerer med vervet! Korleis er det å ha blitt vald til leiar av Ungdommens fylkesutval?

– Det var veldig kjekt. Eg hadde tenkt på å stilla som leiar ei god stund, så eg vart veldig glad då eg vart vald til leiar. Eg håper eg kjem til å gjera ein og jobb og trur eg vil vera flink til å få alle medlemar inkludert. Eg gler meg veldig til å byrja.

Kva er det viktigaste for deg å jobba for?

– Det viktigaste for meg no er å få Ungdommens Fylkesting meir synleg. Folk treng å veta kven me er og kva me jobbar for. Eg har og eit stort ynskje om at me skal få ungdomsråd i alle kommunane i Hordaland, for det er særs viktig at ungdom får stemma si høyrd. Ungdom er tross alt framtida!

Korleis skal du få fylkespolitikarane til å høyra på Ungdommens fylkesutval?

– Ved at me er flinke til å ha god kontakt med politikarane og alle dei ulike utvala, og kjem med saklege uttalar på relevante tema. Eg trur at no som me har eit meir oversiktleg planprogram og organisering av ungdommens fylkesutval så vil det gjera det enklare å ha eit godt samarbeid.

Kva skal til for å gjera det meir attraktivt for ungdom å bruka kollektivtransport?

– Det som må til er rett og slett at bussavgangane blir tilpassa ungdom. Til dømes at det går fleire busser som er tilpassa skuletidene. Det bør og gå fleire nattbusser i helgane, slik at ungdom kjem seg heim trygt. Det bør òg vera lettare for unge i distriktet å velja buss, det må gjerast med fleire avgangar.

Ungdommens fylkesutval vil jobba for ei lovfesting av ungdomsråd i alle kommunar. I Hordaland manglar det medverknadsorgan for ungdom i Etne, Modalen, Vaksdal, Osterøy, Os og Masfjorden. I tillegg er det eit i Voss som ikkje skal vera aktivt, ifølgje ho.

– Det er nokon kommunar som ikkje har medverknadsorgan for ungdom, noko som er veldig synd.

LES OGSÅ:Meir ungdomsmakt i kommunane

Kvifor bør alle kommunar ha eit medverknadsorgan?

– I dei kommunane har ikkje ungdom noko lett måte å få fremja saker som er viktige for dei, dei har ikkje noko organ som kan hjelpa dei. Det er òg synd at medverknadsorgan for ungdom ikkje er lovpålagd, noko både eldreråd og råd for dei med nedsett funksjonsevne er. Dette er ikkje veldig demokratisk, ungdom har ikkje stemmerett og derfor er det spesielt viktig at dei har eit ungdomsråd å gå til.

Kva vil du gjera for at dei skal få det?

– Me skal fremja lovfesting av medverknadsorgan for ungdom der det er naturleg, og truleg skrive uttalar om det. Og så skal me masa litt på kommunane, og hjelpa med oppretting av viss dei ynskjer det. Det skal og vera eit viktig satsingsområde for UFU å jobba med oppfølging og oppretting, og det kjem til å bli jobba mykje med. Eg har tru på at me kan gjera ein forskjell og få oppretta nokre nye medverknadsorgan!

LES OGSÅ:Slik påverkar du kommunen din!

Korleis får ein til eit godt fungerande medverknadsorgan?

– Det får ein ved å ha engasjert ungdom i rådet som brenn for saker som har noko å seia for ungdom. Det må vera ei bra organisering, der alle får sine oppgåver og alle blir involvert. Eg synest og det er viktig at råda blir meir synleg i sin kommune slik at dei får saker frå ungdom i kommunen. Det er ikkje noko kjekt å sitja i eit ungdomsråd som ikkje har noko å jobba med. Vidare er det viktig at møta skjer på ein strukturert måte med ei god og tydeleg sakliste. Dette trengst for å halda kontroll på kva som skal skje på møta. Eg synest òg at alle ungdomsråd burde ha talerett i kommunestyret!

– Korleis skal Ungdommens fylkesutval bli meir synleg?

– UFU skal bli meir synleg ved å utarbeida ei betre heimeside med meir informasjon, me skal leggja ut minimum ei sak i veka på heimesida og sosiale medium, me skal jobba med å utarbeida ei informasjonspakke for Ungdommens Fylkesting, me skal vera meir i media og me skal presentera oss for politiske utval og avdelingar i Hordaland fylkeskommune.

LES OGSÅ: Vil lovfesta ungdomsråd i kommunane