Sjokkauke i leigeprisane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Leigemarknadsundersøkinga som nyleg er gjort av Statistisk Sentralbyrå viser at den private leigemarknaden har auka med 8,2 prosent på landsbasis i 2011, og heile 8,6 prosent i Oslo.

Den verste aukinga skjer i storbyane der studentane bur, samtidig som studiestøtta kun auka med 1,9 prosent.

Om prisane fortsett med same aukinga, vil det seie at studentar som no betaler 4500 kroner i husleige, må komma til å betala 6765 kroner om fem år.

Både Norsk studentorganisasjon (NSO) og Velferdstinget i Oslo og Akershus ser svært alvorleg på utvklinga, og meiner at løysinga ligg i å byggja fleire studentbustader.

Vil byggja fleire studentbustader
– Studiestøtta strekk ikkje til. Det betyr at studentane anten må bruka endå meir tid på deltidsjobben eller som stadig fleir gjer: få hjelp heimefrå. Me synst ikkje at nokon av alternativene er gode, og meiner at den største utfordringa Kristin Halvorsen må ta fatt i er å løfta heiltidsstudenten, seier leiar av NSO, Kim Kantardjiev i ei pressemelding.

NSO meiner at for å løysa problemet med høge boligprisar må det byggjast fleire studentbustader. Velferdstinget sluttar seg til forslaget.

LES OGSÅ: Hutrar for ny bustadpolitikk

– Me byggjer ikkje nok! Me ventar i fleire år på at Oslo kommune skal behandla byggjesaker og tildela tomter, mens bustadmarknad skrik etter fleire leiligheiter. Me er klare, men kommunen må få fortgang i sakene, seier Birgit Skarstein, leiar av Velferdstinget i Oslo og Akershus i ei pressemelding.

Eit politisk ansvar
Eit bustadsutval nedsett av stortingsgruppa har nyleg levert ein rapport til Arbeiderpartiets programkomité, der dei meiner at bustadsproblemet er eit politisk ansvar.

Utvalet kjem med eit forslag om å dobla tal på nye studentbustader kvart år: frå 1000 til 2000 per år.

LES OGSÅ: Når gode råd blir billege

– Hovudproblemet i dagens bustadmarknad er at det blir bygd for lite. Me er blant anna bekymra for klasseskiljer, og for at det er vanskeleg å etablere seg. Dette er noko av det me ynskjer å gjera noko med, seier Håkon Haugli leiar i bustadutvalet til Arbeiderpartiet sine nettsider. 

LES SAKA PÅ UNIVERSITAS.NO!