Sjenerte Veronica er bodybuilder

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er ganske sjenert

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

Trass i at det er fredag formiddag, er det allereie mange på Sprek og blid. Lyden av raske skritt på tredemølla blandast med vekter som vert sleppte hardt ned i golvet, tung pust og den summande og jamne lyden av ei romaskin.

LES OGSÅ: Karoline har gått ned 50 kilo – vil verta så fit som mogleg

Tallause timar på mølla
23 år gamle Veronica Austrheim Nøttveitt sit på ein stol ved eit av dei høge borda attmed inngangen. Framfor seg har ho ei gjennomsiktig drikkeflaske med rosa kork. Snart er Veronica klar for vekas femte styrkeøkt.

– Eg har alltid vore glad i å trena. Som sekstenåring sprang eg på tredemølla kvar dag.

På det meste trente Veronica to gonger om dagen. Det gjorde ho glad, og energien var på topp. Men på eit punkt stoppa det. Ho trente for mykje og fekk vondt i beina, ho mangla struktur og mista treiningsgnisten.

LES OGSÅ: – Meir godtatt at jenter trener styrke

Vann konkurranse
Kløvheimjenta begynte i 2012 å lesa bloggar om jenter som trente til bikini fitness-konkurransar, som er den mildast forma for bodybuilding. Slik fekk ho ideen. Kanskje ho burde utfordra seg sjølv ved å stilla i ein slik konkurranse? Kunne ho klara det?

– Eg må utfordra meg sjølv for å halda treningsmotivasjonen oppe. Viss eg ikkje gjer det, vert eg heilt låst.

LES OGSÅ: Klar for EM – om ho vil

Veronica har aldri vore den som har prata høgast, eller tatt stor plass. Ho har heile oppveksten vore roleg og stille.

– Eg er ganske sjenert når eg møter folk eg ikkje kjenner, og er har alltid vore ei av dei stille jentene i klassen.

Alt skjedde fort. Veronica tok si eiga utfordring på strak arm, og begynte å trena for å stilla i bikinifitness-konkurranse. Berre nokre månadar seinare fekk ho 1. plass i konkurransen «Fredrikstad Open», noko som er ein enorm prestasjon for å stilla for første gong.

LES OGSÅ: Har kjøpt treningsutstyr for ein million

– Går inn i ein rolle
No er ho igjen i gong med opptrening til to nye bikinifitness- konkurransar i april neste år. Deltakarane vert dømde ut frå fysikk, hår sminke, hudfarge og sjølvtillit.

– Det er ganske spesielt å stilla i ein slik konkurranse, difor forstår eg godt at nokon synest det er sært. Og sjølv om alt handlar om utsjåande, føler eg ikkje at det eg gjer på scena definerer meg som person. Eg er ei jordnær og roleg jente, så når eg skal konkurrera og visa meg i bikini, går eg inn i ei slags rolle, det er som eit skodespel.

Sjølv om ho vann i fjor, er ho ikkje høg i hatten, og langt frå sikker på om ho gjer det igjen.

– Eg veit at eg må jobba med sjølvtillit på scena. Eg må tørra å visa meg meir fram.

LES OGSÅ: – 227 lette kilo

Vil vera sunn og frisk
I månadane og dagane før ein konkurranse står knallhard trening på programmet.

– Døgnet før konkurransen, må eg kutta både vatn og salt.

Veronica vert motivert av å trena slik ho gjer, men poengterer at ho vil vera eit sunt og friskt forbilde.

– Det viktigaste er å trivast med seg sjølv og det ein gjer, seier ho.

LES OGSÅ: Tor Egil har gått (og ete) vekk 40 kilo


– Eg vert heilt låst viss eg ikkje utfordrar meg sjølv, seier ho Foto: Irene Bratteng Jenssen