Set Jesus framføre familien

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 04.03.2024 13:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Set Jesus framføre familien

Det seier KrFu-leiar Emil André Erstad, til Nordhordland.

– Sit med mykje makt
I fjor haust vart den 23 år gamle bondesonen frå Radøy vald til leiar for Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU), ungdomspartiet til Kristeleg Folkeparti (KrF).

Han overtok leiarvervet på det som må kunne kallast eit ideelt tidspunkt. Moderpartiet er med som eit av to støtteparti til den sitjande regjeringa.

– Det har vore spennande frå dag ein, seier han sjølv.

LES OGSÅ: – Modig og riktig av KrFU-leiaren

Avisa Nordhordland møter Erstad på Studentsenteret ved Universitetet i Bergen, der han eigentleg har permisjon frå masterstudiet i Samanliknande politikk. Han peikar på at sjølv om dei er utanfor regjering, har dei mykje makt likevel.

– Det er gøy for KrFU og, for eg opplever at våre forslag vert lytta til og tatt med, seier han.

Erstad gjekk inn i politikken som 15-åring, då i Senterungdommen, men etterkvart såg han lyset og gjekk over til KrF.

– Hovudgrunn for at eg er med i KrF er nestekjærleiksprinsippet og det kristne menneskesynet, at du uansett har ein ukrenkeleg verdi. Om du er funksjonsfrisk eller funksjonshemma har ikkje noko å seia for ditt menneskeverd. Det er ikkje ei sjølvfølge i 2014 at norske politikarar meiner det, seier han.

Han seier at uansett er det dei svake som er undertrykt og er nedst som skal løftast opp.

– Der opplever eg at KrF sjeldan viker, seier han.

LES OGSÅ: Ja til muslimske skular

Trua har han alltid hatt med seg, heilt frå han gjekk på bedehuset som barn.

– For min del handlar det om at det er det einaste alternativet eg ser. Eg har prøvd å tenka fram og tilbake på kven og kva eg trur på. Og dette er det einaste rasjonelle alternativet, seier han.

– Må du tru på noko?

– Eg må tru på noko om min eksistens. Og sjølv om eg er politikar, er det viktigaste i mitt liv at eg er kristen og trur på Jesus.

LES OGSÅ: Kjære diktator!

– Så det er Jesus, Knut Arild og så familien?

– Sonen min, Noah Leander (16 mnd) er nok på nummer to. Det er ein veldig bra ting å verta far. Det anbefalast, seier han.

Han har no vore gift i tre år med Kristin. Dei møttest etter ei valvake i 2009 og bur saman i Oslo. Og der kjem dei til å bu ei stund til. Erstad hevdar han ikkje har bestemt seg for om det er politikk eller arbeidslivet som ventar han i framtida.

Barnefattigdom, ikkje sprit
– Eg vil og ha skikkeleg arbeidserfaring. Det trur eg politikarar har godt av. Det som engasjerer meg som politikarar er det internasjonale engasjementet vi har. Noko av det som driv meg som ungdomspolitikar, det er ikkje bomringen eller slikt, det er nokre viktige saker som gjer det perspektiv på kor godt vi har det heime.

Erstad fortel at han opplever at KrFU kan vera med på å endra korleis ting er ute i verda.

– Bistandsbudsjett, bruk av oljefondet, skattereglane for utanlandske selskap. Mange område der vi kan vera med på å påverka globalt., seier han.

LES OGSÅ: Politikarar tiggar i protest

– I FrP er det båtmotorar og billig sprit som vert prioritert, vi i KrF kjempar mot barnefattigdom. Då merkar eg at eg er på rett plass, legg han til.

Les heile intervjuet i Nordhordland!