Ser for seg ei maritim framtid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Der stoggar likskapen; Dei to har valt heilt ulike utdanningsretningar, den eine skal bli arkitekt, den andre maskiningeniør. I sommar er dei to av mange som har sommarjobb på Ulstein som ledd i langsiktig rekruttering.

– Vi er medvitne på å bygge opp langsiktig, maritim kompetanse i regionen, og satsar sterkt på framtidig rekruttering gjennom å tilsette lærlingar, TAF-elevar og sommarhjelper eller å gi praksisplassar til studentar, fortel HR-direktør Torild Bugge. Meir enn 20 personar er i sommar sysselsette i ulike jobbar.

– At vi har så mange inne, kjem som ein konsekvens av alle tiltak som vert gjort innan langsiktig skulesamarbeid, understrekar Bugge.

– Dei som er ferdige med lærlingtida og TAF-utdanninga si, kan få tilsetjing og stipend til vidare relevant utdanning frå oss, og sommarjobb i ferien. Vi satsar målretta på å få dei rette personane, gjerne dei som er inne i ei utdanning som er relevant for oss. Reine rutineoppgåver er det mindre av. Vi har vorte meir medvitne på å bruke ungdomar i sommarjobb inn mot aktuelle, prosjektretta oppgåver som gir ei god oppleving og som dei kan ha nytte av inn mot den utdanninga dei tek. Det gir dei også ei betre og meir realistisk oppfatning av Ulstein som selskap.

LES OGSÅ: – Lærer betre med praksis

Likar å finne løysingar sjølv
To slike tidlegare TAF-elevar, er altså Karl-Erik Sæbønes og Sunniva Garshol. Karl-Erik er ein type som likar å utvikle ting sjølv.

– Eg kom til Ulstein Verft som 16-åring, og vart tatt godt i mot. Eg fekk ein svært god arbeidsleiar i Svenn Harald Walaunet, som såg at eg likte å finne ut ting sjølv. Han gav meg oppgåver det ikkje fanst teikningar på, der eg sjølv måtte finne ei løysing. Dette gjorde at eg etter fagbrevet valte eit studium der eg kan delta i utvikling, og eg går no på Høgskolen i Ålesund for å bli produktutviklar. Det gir kompetanse til å jobbe som maskiningeniør. Eg er utruleg glad for TAF-ordninga, den gir mange fordelar når ein vel å verte ingeniør seinare. I tillegg til realfag får ein praktisk tilnærming, og innsikt i korleis ting fungerer på golvet. No i sommar jobbar eg på utrusting. Eg får vere her og bruke produkta og lære meg oppbygginga av dei, eg gjer mykje stålarbeid, byggjer dørk og rekkverk, og det er midt i blinken for meg.

LES OGSÅ: Lærer mykje av praksisen i lærlingtida

Valde arkitektstudiar
Sunniva Garshol har ikkje valt ei utdanning ein tenkjer på som relevant for den maritime næringa. Ho held på med arkitektutdanning i København, men får likevel stipend frå Ulstein.

– Eg trudde kanskje ikkje eg kom til å få stipend når eg valte arkitekturretninga, men bedrifta såg at utdanningsvalet kan vere relevant. Det er flott at dei er opptekne av mangfald og har litt variasjon i kven dei vel å gi stipend til. Det er ganske unikt, trur eg, seier Sunniva. – Gjennom studiet spesialiserer vi oss mot prosjekt og prosessar, materiallære og romutnytting, og dette er aktuell kompetanse. I fjor sommar jobba eg på teknisk avdeling i verftet, og no i sommar bidreg eg med å lage til støtteverktøy for prosjekt innanfor skipsdesign. I feriane utanom sommaren arbeider eg ute i produksjonen, fortel ho, og held fram:

– Når vi jobbar på Ulstein vert vi integrerte i eit fellesskap. Vi deltek på møte og er med på alle markeringar og feiringar. Ved å bli inkludert i ulike avdelingar, har eg fått meir oversikt, og eg ser ei mogleg framtid her.

– Vi er opptekne av å vere ei aktiv lærebedrift. Sommarjobbar og praksisplassar vert annonserte på sosiale media og på nettsida vår. Interessa for å ha sommarjobb eller praksisplass hjå oss er jamt aukande, og vi opplever stor interesse frå studentar både i Noreg og internasjonalt. No i sommar har vi til dømes inne ein student frå Frankrike og ein frå Nederland som har praksisplassar etter å ha tatt kontakt med oss, avsluttar Torild Bugge.

Meir å lese: Drygt og observerande

Meir å lese: E39-møte i Ålesund 2. juni

Meir å lese: Ror framover til Namsos

Saka var først publisert i Vikebladet.