Senterungdommen vil ha stopp for nye oljefelt

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Senterungdommen vil ha olje-stopp

 – Me meiner at om me skal greia å nå klimamåla, så kan me ikkje opna for nye olje- og gassfelt. Me må heller satsa på fornybare energikjelder som skog, vatn og vind, seier Ingrid Krogsæter (22), nestleiar i Senterungdommen.

Denne helga kjempar ungdomsorganisasjonen for å få landsmøtet i Senterpartiet med på ein tøffare klimapolitikk. Dei har mellom anna sendt inn følgjande forslag til det nye partiprogrammet:

• Ikkje opne opp nye felt for olje- og gassutvinning på norsk sokkel
• Investere i høgfartstog
• Bygge ut og elektrifisere jernbane for å få godstransport bort frå vegane
• All offentlig transport skal vera fossilfri innan 2020
• Alle bensinstasjonar langs hovudfartsårene skal ha hurtigladestasjonar for el-bil

– Skal me inn i ei regjering med Arbeidarpartiet, er det kjempeviktig at Senterpartiet har klare standpunkt på miljø og klima, slik at me greier å påverka mest mogleg, seier Krogsæter til Framtida.no.

LES OGSÅ: Ap vil verne delar av LoVeSe. Ikkje godt nok, meiner AUF

I tillegg til kampen for oljestans er det satsinga på høgfartstog og elektrifisert jernbane som står høgst på ønskelista til Senterungdommen, fortel Krogsæter.

– Dette er dyrt?

– Ja, det er dyrt, men i eit lenger perspektiv meiner me at det vil løne seg, og den investeringa meiner me bør gjerast no. Det er ingen grunn til å utsetje det. I Paris-avtalen er det eit mål at me skal vera klimanøytrale mellom 2050 og 2100. Då kan me ikkje venta i 20-30 år, då må me investera no for å få til den omstillinga som er nødvendig.

LES OGSÅ: Miljøorganisasjonar i strupen på Ola Borten Moe

Trur du at de har sjanse til å få fleirtal?

– Det blir spennande å sjå. Eg trur det er mange i Senterpartiet som er einige med oss, og det er i alle fall veldig viktig at me i Senterungdommen tar kampen og utfordrar, seier Krogsæter.

Landsmøtet skal vedta det nye handlingsprogrammet for Senterpartiet søndag formiddag.

LES OGSÅ: (Nesten) alle ungdomspartia vil ha sterkare klimasatsing

Få med deg intervjuet med leiar i Senterungdommen, Ada Arnstad: – Eg blei engasjert på grunn av klimasaka

Faktaboks

Senterpartiet har landsmøte i Trondheim 24.–26. mars

På gjennomsnittet av meiningsmålingane i mars ligg Senterpartiet på 11,1 %

Ved stortingsvalet i 2013 fekk Sp ei oppslutning på 5,5 % og ti mandat på Stortinget

Partileiar er Trygve Slagsvold Vedum