Semje om kommunereforma

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik vil dei lokka til samanslåing

Det kunne dei fortelja under ei pressekonferanse klokka 14 i dag. Kommunereformen vil involvera samanslåing av kommunar, og kommunalminister Jan Tore Sanner foreslo ei frist til 2016 for kommunane å bli samde på då han la fram forslaget i mai. I dag vart regjeringa samde med KrF og Venstre, og ønskjer å legga fram ein forslag til ny kommunestruktur våren 2017.

Kommunar som ikkje vil slå seg saman kan venta å bli slått saman med tvang.

Regjeringa tilbyr støtte til kommunane som blir slått saman. Dersom den nye kommunen får over 10.000 innbyggjarar etter frivillig samanslåing, får dei ei reformstøtte på mellom 5 og 30 millionar kroner, i tillegg til eingongsstøtte på 20 millionar kroner.

Styrka lokaldemokratiet

Leiar  for kommunalkomiteen på Stortinget, Helge André Njåstad (FrP) understrekar at målet er å styrka lokaldemokratiet. Han peikar på at makta kjem nærare folket, og lenger frå fylkeskommunen med denne reforma.

Saka får ei endeleg avgjersle i Stortinget 18. juni.