Seks ting du treng å vite om abort

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvinners rett til å bestemme over eigen kropp er under press mange stader i verda. Fråfall av støtta til Planned Parenthood skapar usikkerheit for mange amerikanarar, og i fjor foreslo regjeringa i Polen å totalforby abort.

Også her heime er abortdebatten prega av sterke kjensler på begge sider. Argumenta er oftare basert på ideologi enn på forskingsbasert kunnskap. Har ein til dømes større risiko for depresjon etter ein abort? I denne saka får du oppdatert informasjon om forsking på abort. Kven er kvinnene, kvifor vel dei abort, og får det langtidskonsekvensar?

1. Stadig færre tek abort

I fjor vart det utført 13.169 abortar i Noreg, ein nedgang på 6 prosent frå 2015, viser tala frå Abortregisteret. Det er det lågaste talet sidan registreringa starta i 1979.


Figuren viser svangerskapsavbrot i ulike aldersgrupper frå 2001 til 2016, per 1000 kvinner. Kjelde: Abortregisteret

For første gang var det færre enn 20 abortar per 1000 kvinner i aldersgruppa 20-24 år, og i snitt berre litt over 11 abortar per 1000 kvinner under 50 år. Tala viser mellom anna at arbeidet med å gjere prevensjonsmiddel tilgjengeleg for unge kvinner har fungert.

I 2016 var talet på svangerskapsavbrot høgast i Oslo (14 per 1000 kvinner), og lågast på Sør-Vestlandet (om lag 9 per 1000 kvinner).

2. Ein tredjedel hadde gjort det før

I 2015 publiserte norske forskarar, leia av Anne Eskild ved Kvinneklinikken på Akershus universitetssjukehus, resultata frå ein gjennomgang av registeret mellom 2007 og 2011.

Totalt var det registrert over 80 000 søknadar om abort i løpet av dei fem åra, og ein tredjedel var frå kvinner som hadde utført ein eller fleire tidlegare abortar. Desse kvinnene var i hovudsak over 25 år gamle, hadde born frå før, og nytta prevensjon (p-piller eller kondom) då dei vart gravide.

I ei undersøking publisert i 2016, fann forskarane frå Kvinneklinikken at jobbsituasjon hang saman med valet om å ta abort eller ikkje. Blant kvinnene som fødde born var berre 16 prosent arbeidslause, medan heile 46 prosent av kvinnene som søkte om abort ikkje var i jobb.

3. Dei fleste abortar blir utførte med medikament

I fjor vart 81 prosent av abortane utført før veke ni. Ei viktig endring dei siste 20 åra er at nesten alle abortar vert utført med dei to medikamenta mifepriston og misoprostol. Frå éin til to av 1 000 medisinske abortar er mislukka, og det er tilrådd å ta ein ny graviditetstest om lag fire veker etter prosedyren.

I doktorgradsarbeidet til Mette Løkeland ved Universitetet i Bergen, fann ho at bruken av medikament auka frå 5,9 prosent i 1998 til 82,1 prosent i 2013. Folkehelseinstituttet opplyser at i 2016 vart nesten ni av ti abortar gjennomført med medikament.

Hos kvinner under 35 år er risikoen for spontanabort om lag 10 prosent. Risikoen er lågare for kvinner som allereie har fått born, og høgare for kvinner som er eldre enn 45 år.

4. Dei fleste tar abort ved påvist Downs syndrom

Berekningar frå Medisinsk fødselsregister viser at om lag 90 prosent av foreldra vel å avbryte svangerskapet dersom fosteret har Downs syndrom, ein ekstra kopi av kromosom 21.

Kvart år vert det fødd om lag 70 born med Downs syndrom i Noreg. Talet på diagnosar har imidlertid auka dei siste åra, i hovudsak fordi risikoen for å få eit born med Downs syndrom aukar kraftig med kvinnas alder.

– Det at kvinner er stadig eldre før dei får barn, kan forklare heile auken i forekomsten av svangerskap med Downs syndrom, seier overlege Mette Christophersen Tollånes ved Folkehelseinstituttet til eigne nettsider.


Figuren viser talet på svangerskap med Down syndrom. Den blå linja øvst viser det totale talet. Statistikken gjeld for perioden 1967–2014. Kjelde: Folkehelseinstituttet.

5. Abort kan påverke risikofaktorane for seinare graviditetar

Mange lurer på om ein abort vil redusere sjansane for å bli gravid att seinare. Svaret frå norske, britiske og amerikanske helsemyndigheiter er nei.

Ein abort kan likevel påverke risikofaktorane for seinare graviditetar, slik som fødsesltidspunkt og fødselsvekt. Forskarane er tydelege på at resultat frå statistiske samanlikningar ikkje beviser årsakssamanhengar, og at forklaringane truleg er meir komplekse enn studiane klarar å vise.

I ei Canadisk undersøking frå 2009, der forskarane gjekk gjennom tidlegare publiserte rapportar, fant dei at kvinnene som hadde utført abort tidlegare, hadde høgare risiko for å få born før termin, eller med lågare fødselsvekt.

Tre år seinare fant også ei finsk undersøking at kvinnene som hadde fått utført abort oftare fødde born før termin, og ei undersøking frå Tel Aviv i 2016 konkluderte med at kvinnene som hadde fått utført abort i større grad hadde behov for å iverksette fødselen eller nytte keisarsnitt.

Kirurgi versus medikament
Studiane som dokumenterer denne typen auka risiko, er basert på store registerundersøkingar der kvinnene har fått utført abort med kirurgi. I Noreg er talet på kirurgiske abortar svært lågt, og nesten 90 prosent nyttar i staden legemiddel. Funna frå dei internasjonale studiane er difor ikkje direkte overførbare til norske kvinner. Det er enno ikkje forska på dei potensielle konsekvensane mange år etter medisinske abortar.

– Om nokre år tippar eg at Finland kan gi oss ein ny studie der dei kan sjå på risikoen for å føde for tidleg etter medikamentelle abortar, for dei er det landet i Skandinavia som per i dag har høgast andel medikamentelle abortar, forklarar Løkeland ved Abortregisteret.

6. Abort gir ikkje dårlegare psykisk helse

Nokre studiar har indikert at ei kvinne som får utfører abort før veke 12 kan ha auka risiko for angst og depresjon i åra etter. Det er derimot fleire studiar som avkreftar dette, og istaden peikar på at det er livssituasjonen for kvinna som er viktig.

Den norske psykiateren Anne Nordal Broen ved Modum Bad nytta spørjeskjema for å samanlikne mental helse hos kvinner som vel abort og kvinner som spontanaborterer med resten av befolkinga. 80 kvinner som valgte abort og 40 kvinner som spontanaborterte deltok i studien. Alle kvinnene var pasientar ved Sjukehuset Buskerud i Drammen, der dei vart intervjua først 10 dagar etter aborten, og deretter seks månader, to år og fem år seinare.

Broen og kollegaene hennar registrerte mellom anna kvinnene sine opplevingar av angst, depresjon, tap, sorg, skuld og skam. Resultata vart publisert i 2004 og 2005, og indikerte at kvinnene som spontanaborterte vart mest emosjonelt påverka på kort sikt, men at kvinnene som valgte abort viste større emosjonelle påkjenningar over lang tid.

Willy Pedersen ved Universitetet i Oslo har også dokumentert liknande samanhengar mellom abort og dårlegare mental helse i åra etterpå, samt indikasjonar om auka risiko for misbruk av alkohol eller narkotika.

Ein finsk studie frå i fjor konkluderte derimot at det ikkje var noko samband mellom abort før fylte 18 år og psykisk uhelse i ung vaksenalder for finske kvinner. Heller ikkje amerikanske forskarar er einige med Broen. Ein omfattande rapport utarbeidd av den amerikanske psykologforeninga i 2008, konkluderte med at ein abort før veke 9 ikkje påverka den mentale helsa til kvinnene.

– Dei beste vitskaplege bevisa som er publisert indikerer at blant vaksne kvinner som har ein ikkje-planlagt graviditet, er risikoen for mentale helseproblem ikkje større om dei vel ein abort, samanlikna med om dei føder barnet ved termin, uttala Brenda Major, leiar for rapportgruppa i pressemeldinga.

Situasjonen er viktig
Også Øjvind Lidegaard og kollegaene hans ved Aarhus Universitet i Danmark har undersøkt den psykiske helsa til kvinner før og etter ein abort. Dei samanlikna data frå det danske folkeregisteret, psykiatriske registeret og pasientregisteret. I 2011 publiserte dei resultata frå omfattande statistiske gjennomgangar av den mentale helsa til nesten éin million danske kvinner fødde mellom 1962 og 1993.

Studien hadde fleire viktige konklusjonar: Kvinner som tok abort gjekk litt oftare til behandling enn kvinner som ikkje tok abort, men talet på legebesøk endra seg ikkje då dei samanlikna åra før og åra etter inngrepet.

Lidegaard og kollegaene hans fant altså ikkje bevis for ein auka risiko for å trenge medisinsk behandling for psykologiske vanskar som følgje av aborten. Derimot hadde kvinnene som fødde born ein kortvarig auka risiko for å gå til legen med mentale problem.

Funna frå forskinga til Broen støttar den danske gjennomgangen, og viser at det er situasjonen rundt valet om kvifor ein tar abort, og ikkje aborten i seg sjølv, som er risikofaktoren.

– Vi kan ikkje seie at angsten og depresjonen har med aborten å gjere. Slike problem kan skuldast andre faktorar, som at dei som valgte abort hadde noko dårlegare psykisk helse på førehand, sa ho til Forskning.no i 2008.

Faktaboks

I Noreg har kvinner rett på sjølvbestemt abort fram til og med veke 12.

Etter dette kan ein ved særskilte behov søkja til ei abortnemd og få innvilga inngrepet før veke 22.

I 2016 vart det utført 13.169 abortar i Noreg

Dei fleste abortar i Noreg vert utført med medikament

Livssituasjon bidreg til avgjersla om å ta abort. Informasjon om fosteret bidreg også til vurderinga.

Vanlegvis skjer den første kontrollen mellom veke 8 og 12, og ultralydundersøking skjer mellom veke 17 og 19.