Satsar på framtida – har dobla lærlingetalet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har dobla lærlingetalet

Først publisert på Vikebladet.no!

– Det er tøffe tider, men den solide ordreboka vår gjer at vi tek ansvaret med å ta inn fleire lærlingar enn planlagt, sa Inge Johnny Hide då han presenterte Kleven sin rekordstore lærlingeflokk denne veka.

Dei 38 fordeler seg med 22 på Kleven Verft og 16 på Myklebust Verft. Dei er i alderen 16 til 20 år. 14 av dei er nye lærlingar no i haust.

To lærlingeløp
Som kjent er det to typar lærlingeløp: dei som etter 2 års vidaregåande skule held seg på verftet dei to påfølgjande åra (24 stk) og dei såkalla TAF-lærlingane (14), som har eit fireårig løp der dei deler tida mellom undervisning ved UVS og verftsjobbing.

Dei fleste (25) går industrimekanikarfaget, medan 10 satsar på å bli industrirørleggarar. 2 satsar på IT, medan berre 1 vil bli platearbeidar.

Etterspurde lærlingeplassar
– Det har også vore ein vesentleg auke i søkjartalet i år, fortalde Hide:

– Om lag 60 gutar og jenter søkte seg til Kleven. Størsteparten kjem frå Ytre Søre Sunnnmøre, med bakgrunn i hovudsak frå dei vidaregåande skulane i Ulstein, Herøy og Ørsta.

– På Kleven sine verft får ungdomane ei kortreist innsikt i det som foregår i den maritime klynga. Her går dei mellom 70 faggrupper kvar einaste dag og møter folk frå heile verda og får kjennskap til dei aller siste nyvinningane, heldt Hide fram.

Læringeflokken er no så stor at enkelte avdelingar til tider kan ha over 20 prosent av arbeidsstokken som lærlingar. Det seier litt om kva ressursar Kleven har i form av arbeidsleiarar og instruktørar.

– Men det er sjølvsagt krevjande å ha lærlingar når ein både skal produsere og drive opplæring, sa Hide.

LES OGSÅ: Lærlingsatsing, eit optimistisk signal om tru på framtida

– Innhaldslaust om vi droppar fagopplæringa
Hide ville også seie det så sterkt, at alle tankar om «det blå havromet», om 3D-printing og robotar blir fullstendig innhaldslaust dersom ein ikkje også satsar på fagopplæringa.

Lærlingesatsinga er derfor eit viktig rekrutteringsarbeid til eigen produksjon og gjerne framtidige leiarstillingar. Det tette samarbeidet mellom produksjons- og ingeniørmiljøet som er på Kleven, gir ei effektiv og kortreist kompetanseoverføring.

 Stort område: Kleven Verft i august 2016. Aktiviteten ved verftet er stor.

Flest reiser vidare til teknisk fagskule
Hide kunne også offentleggjere ei oversikt over kvar det blir av læringane etter fagprøva. Av dei 26 som har teke slik prøve i 2015 og 2016 har 8 reist vidare til teknisk fagskule, 6 har funne seg arbeid i ei anna verksemd eller reist i det militære, 5 har vorte tilsett i Kleven, 4 har satsa på vidare ingeniørutdanning, 2 har gjort «omval» og 1 har studert vidare på NTNU.

Medan Hide er lærlingeansvarleg på Myklebust Verft har Monika Nipen dette ansvaret på Kleven Verft. Fagansvarlege for lærlingane på verfta er Kåre Eikrem og Roger Vågen, medan Øyvind Breivik og Karen Topphol har dette ansvaret for TAF-elevane.

TAF-elevane har eit fireårig løp der dei vekslar mellom skule og verft, medan dei andre lærlingane har først 2 år ved vidaregåande skule før dei har to år på verft.