Satsar mot toppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svaksynt satsar mot toppen

– Tidlegare år har eg delteke på Barnas Ridderuke. Denne gongen får eg måle krefter med dei vaksne. Målet er uansett det same, ei best muleg plassering, seier fjorten år gamle Thomas Karbøl Oxaal.

Den talentfulle saudaguten har alltid vore interessert i idrett. Dei siste åra har han satsa spesielt på langrenn, og han har lagt ned mange treningstimar for å nå det nivået han er på i dag.

– I snitt trener eg fire gonger i veka. Eg trener både på rulleski og ein del løping, men i langrennssesongen blir det meste av treninga gjort på snø, forklarer Karbøl Oxaal.

Denne vinteren har fleire i den lokale langrennsgruppa latt seg imponera av saudaløparen sine prestasjonar, blant anna under den lokale lysløypekarusellen. Ungguten har nemleg ei synshemming.

– Thomas har omlag fem prosent syn på venstre auge og 20 prosent på det høgre. Synsfeltet hans er òg redusert og han slit med skarpsynet, fortel far John Oxaal.

Sjølv om Karbøl Oxaal er synshemma stoppar det han ikkje frå å konkurrera mot funksjonsfriske, men kommande veke skal han altså måle krefter med andre funksjonshemma under Ridderrennet.

Ridderrennet blei arrangert for første gong 12.april 1964.

Resten av saka kan lesast i e-utgåva av lokalavisa Ryfylke.