Sanner: – Ingen fleire byfylke

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein «Oslo-status» vil bety å overta alle oppgåver frå fylkeskommunen, og få status som både kommune og fylke. Berre 17 prosent av dei spurde i Kommunal Rapports undersøking har svart at fleire byfylke er ein god idé. Det får sterkast støtte blant lokalpolitikarane til Høgre og Framstegspartiet, der om lag ein tredel er positive, skriv vekeavisa.

LES OGSÅ: Meiner Bergen bør bli fylke

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) seier at departementet vurderer om dei aller største kommunane bør få fleire oppgåver, men legg tanken om fleire byfylke død.

– Når eg har sagt at Oslo-status er ein interessant tanke, så har det handla om fleire oppgåver, ikkje om fylkeskommunal status. Eg har aldri teke til orde for byfylke. Eg vurderer ikkje fleire fylkeskommunar som eit sannsynleg alternativ, seier Sanner. (©NPK)

LES OGSÅ: Vil overta vidaregåande