Russen skadar seg i hovudet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Folkehelseinstituttet har sett på 87.233 registrerte skadar blant unge på 16, 19 og 21 år i Norsk pasientregister og fann der at nittenåringane stod for ein vesentleg større del av skadane under russefeiringa enn elles.

– Nittenåringane har mykje fleire skadar enn seksten- og tjueéinåringane i russefeiringsperioden. I russetida stod nittenåringane for 41,4 prosent av skadane, sekstenåringane for 27,7 prosent og tjueéinåringane for 30,9 prosent, seier overlege Maren Strand i Folkehelsa.

Særleg er det mange hovudskadar, fortel ho.

Som elles er det fleire mannlege enn kvinnelege russ som skadar seg – nærare 60 mot 40 prosent.

LES OGSÅ: Ber russen vaksinera seg

Alkoholen kan ha skulda
Forskarane strekar under at dei ikkje har belegg for seie at dei auka skadetala har samanheng med alkoholbruk, ettersom dei ikkje har granska dette.

– Men vi veit at det er ein samanheng mellom rusmiddelbruk og auka risiko for skadar, så derfor er det grunn til å mistenkje det auka alkoholinntaket i russetida for å vere éi av årsakene, seier Strand.

Det er likevel klart at førekomsten av forgiftingar med alkohol og andre rusmiddel er høgare blant nittenåringane i russetida enn i dei andre gruppene. (©NPK)