Rocka stemning i Fosnavåg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny rockefestival på Vestlandet

– Eg trur dette blir magisk. Med det kunstnarlege og musikalske opplegget vi har sett saman, med 17 konsertar på to dagar. Vi ynskjer at folk som bur her så vel som dei som kjem langvegs ifrå skal få oppleve mykje. Vi vil bidra til å styrkje Fosnavåg sin identitet, og skape bulyst, seier festivalsjef Frank-Levi Kvalsund og legg til:

– Festivalen blir arrangert i Fosnavåg, verdas finaste plass. Vi satsar sjølvsagt også på at vêrgudane er med oss, for dette blir unekteleg gøy!

LES OGSÅ: Rockefestival gjev tilflytting

– Selt bra
Arrangementskomiteen har den siste veka stått på stand i Fosnavåg, Ulsteinvik og andre stader på Sunnmøre, for å promotere den heilt nye festivalen, og kanskje også selje nokre festivalpass.

– Vi har selt bra med billettar, men det finnast framleis ledige for dei som ikkje har skaffa seg enno. Vi sunnmøringar ventar gjerne litt i lengste laget, men eg har stor tru på at dei siste festivalpassa også går i løpet av siste veka, seier Kvalsund.

Festivalsjefen tek med underteikna på ein liten gåtur, frå standen på torget, til Fosnavåg Park. Det er her dei to konsertscenene skal stå.

– Korleis kom ideen om Fosnavåg Rock til?

– Ideen vart unnfanga i fjor haust. Eg hadde initiativet, prata med ein del folk, og i november sat vi oss ned og byrja planlegginga. Målet vårt var å greie å gjennomføre den fyrste festivalen i løpet av 2014, og det er no nådd, seier festivalsjefen nøgd.

Noko anna festivalsjefen kan vere nøgd med, er at heile 200 frivillige allereie er på plass.

 – Det set vi umåteleg stor pris på. Vi har dessutan eit næringsliv vi må takke. Utan dei hadde det berre blitt med draumen, seier Kvalsund.

LES OGSÅ: Set festivalen framfor helsa

Inspirert av Malakoff
Malakoff-festivalen på Nordfjordeid trakk 22.000 publikummarar i år. Slike folkemengder ser ikkje Fosnavåg Rock-sjefen føre seg, men han ser klare likskapstrekk mellom Malakoff og den nystarta festivalen i Fosnavåg.

– Malakoff har vore ein inspirasjon for oss, heilt klart. Det eg meiner var mest imponerande med Malakoff var at alle var så glade, det oppstod ikkje noko trøbbel. Slik skal det også vere her, seier festivalsjefen til slutt.

Saka var først publisert i Vikebladet.