Robotar tar over i heimen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er tid for vårreingjering i hus og hage, og fleire og fleire lar robotar gjera jobben. Maskinar som støvsugar, vaskar og klyppar gras er i ferd med å bli eit vanleg syn.

– Grasklypparrobotar er mest populære. I fjor blei det seldt om lag 4000 i Noreg og heile 30.000 i Sverige, seier innkjøpssjef Espen Nordheim i Elkjøp.

Dei automatiske grasklypparane blir stadig meir avanserte.

– Dei nyaste kan styrast frå nettbrett eller mobil, akkurat som ein fjernstyrt bil. Dei har også tjuverialarm som varsla deg på mobilen dersom nokon stikk av med dei, seier Nordheim til Newswire.

LES OGSÅ: – Husarbeid er fullverdig trening

Pusssar vindauge
Robotstøvsugeren har eksistert lenge og blir framleis kjøpt av mange. No finst det også robotar som kan vaska golva med fuktig klut.

Nytt for året er roboten som pussar vindauga for deg.

– Indream Hobot er den mest spennande robotnyheten i år. Han syg seg fast på eit kva som helst vindauge og bruker mikrofiberklutar til å reingjera overflata, forklarar Nordheim.

Roboten kan jobba i timevis, sidan han får kraft gjennom ein kabel frå stikkontakten. Dersom straumen skulle gå, vil han ikkje detta ned, men henga fast på vindauge i ein halv time.

LES OGSÅ:Kunsten intelligens

Koserobot
Det blir stadig færre oppgaver som robotar ikkje kan gjera.

– WheeMe er ein ”koserobot”. Han køyrer forsiktig over kroppen din, kitlar deg på ryggen og gir deg lett kosemassasje, seier Nordheim.

Og framtida vil bringa fleire nye påfunn, lovar roboteksperten.

– Snart kan du skaffa deg ein robot som går frå rom til rom og reinsar lufta, mens han sender levande bilde til mobiltelefonen din.

LES OGSÅ: Dette er ikkje eit menneske

Ingen hushjelprobot
Mange har venta på den komplette robothushjelpen, som både vaskar, stryk og brettar klede, før han lagar ein deileg middag til familien. Ein slik robot kjem ikkje, spår framtidsforskar Jesper Bo Jensen, som leiar Fremforsk, senter for fremtidsforskning i Århus i Danmark.

– Me kjem neppe til å få ein menneskeliknande robot som går etter oss, rullar med dei digitale augo og sukkar over kor dumme menneska er, seier Jensen.

Han trur det vil koma fleire robotar som gjer enkeltoppgåver.

– Eg ser for meg ein stor holografisk 3D-skjerm som ein kan snakka med direkte, og som held styr på både alle familiemedlemmane og alle dei mange robotane, seier Jensen til Newswire.

Robothjelp vil bli endå mer utbreidd hos eldre og rørslehemma, meiner framtidsforskaren.

Kva for ein type robot kunne du tenkja deg?