Robot skal gå på skulen for sjuke barn

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Alle barn har rett til å gå på skule.

Marius Aabel, produktutviklar i No Isolation, slår i bordet med retten som er nedfelt i FNs barnekonvensjon.

Han sit saman med medgründar og programmerar Matias Doyle på eit kontorverkstad i skaparfellesskapet Bitraf like ved Youngstorget i Oslo.

Bak dei står fire 3D-printarar og jobbar med ulike delar til det som skal verte ein liten avatarrobot, som skal gjere langtidssjuke barn mindre sosialt isolerte.

Roboten kan gjere kvardagen betre for kreftråka, ME-sjuke eller andre som av ulike årsakar må vere vekke frå skulen over tid.

LES OGSÅ: Hentar ME-sjuke Eirik heim

Sosialt isolerte barn
Den vesle avatarroboten AV1 skal stå i klasserommet og representera eleven, samt gje hen moglegheit til å både sjå, høyra og snakka med klassekameratane.

Ideen utvikla seg etter at gründeren Karen Dolva møtte dei to gjennom gründerfellesskapet StarupLab.

Dolva fann ut at det var stort behov for hjelpemiddel spesielt tilpassa langtidssjuke born. I utgangspunktet ville dei laga ein tablet, som kunne forenkla kontakten med familien. Men i research-fasen avslørte samtalar at det ikkje er kontakten med foreldra og familien, som er problemet.

­– Dei mistar kontakta med det sosiale skulemiljøet fullstendig. Når dei vert friske og skal byrja på skulen att, så gruar dei seg til å byrja, fordi dei ikkje veit kva som skjer. Fire eller seks månadar er lenge når du går i sjetteklasse. Då har mykje forandra seg. Og er du borte i to år, er det enno verre, forklarar Aabel.

LES OGSÅ: Funksjonshemma fell ofte utanfor i gymmen

Skulen i fokus
Til no er det hovudsakleg vore den faglege delen av skulen, som har stått i fokus når det gjeld oppfølginga av langtidssjuke born. Dette tek sjukehusskulen seg av.

No håpar gründerane at oppfinninga deira kan gje borna ein betre kvardag – på det sosiale planet.

For denne innsatsen er initiativtakar og interaksjonsdesignar Dolva er allereie nominert til Årets gründerkvinne av Innovasjon Norge.

Organisasjonen har støtta prosjektet finansielt. I tillegg har dei fått utstyrsstøtte frå Telenor og samarbeidar mellom anna med Sunnaas sjukehus, Ja til lindrende enhet og omsorg for barn (JLOB), Barnekreftforeningen, sjukehusskulen på St. Olavs og Corneliastiftelsen.

Dei har til no fått ein million frå investorar, og er i ferd med å hente inn tre millionar til. Dei verkeleg store kostnadane vert når dei sal gå over til masseproduksjon.

LES OGSÅ: Denne spegelen er designa for at du skal kjenne deg flott

Slik såg det ut då Madcon helste på ti år gamle Adrian gjennom roboten AV1. Foto: No Isolation

Utvikling og testing
– Kva er dei største utfordringane med å starta ei slik type bedrift som de har?

–Å finna det riktige teamet er alltid det største problemet. Har du riktige folk vil du finne ut av alt anna. Å vere i stand til å sjå, forstå og jobba med å løyse eit konkret problem er òg veldig viktig, skriv Dolva i ein e-post.

Ho trur mange blir for glad i produktet sitt og difor ender opp med å omforma problemet for å passa løysinga.

Det var i oktober i fjor at dei tre starta å utvikle roboten AV1, saman med grafisk designar Marius Vabo og industridesignar Jostein Robstad.

Berre fire månadar seinare har dei to første robotane kome ut til sine eigarar.

Ein av dei er 10 år gamle Adrian, som via sin avatar fekk vere med på Spellemannsprisen, første gong roboten vart testa. Her kan du sjå TV2 sin reportasje.

I dag er roboten, som har fått bart av Madcon og signatur av Markus og Martinius, tilbake på verkstaden. Utviklarane skal finne ut korleis dei kan hindra at batteriet vert overbelasta.

Planen er at fem nye robotar skal ut til eigarane sine kvar månad fram til sommaren. Slik vonar gründerane å få løpande tilbakemeldingar  – slik at dei ferdige robotane kan vere klar til skulestart.

Ein ferdig AV1 vil truleg kosta rundt 20.000 kroner.

LES OGSÅ: Robotar tar over heimen

Forskingsprosess
– Ein sa då han fekk avataren at: «Dette er den beste gåva eg nokosinne har fått», smiler Doyle.

Det er framleis tidleg i prosessen og utviklarane skal ikkje vete kven testpersonane er.

Undervegs i testperioden skal ein interaksjonsdesignar ta doktorgrad på ME-pasientar sin bruk av AV1.

– Så me kjem til å få skikkeleg data på om det faktisk utgjer ein forskjell, understrekar Doyle.

LES OGSÅ:Dårleg personvern på nett

Programmerar Matias Doyle viser fram appen, som gjer at langtidssjuke barn kan halde kontakt med venene gjennom sin heilt eigen avatar

Datatryggleik
Den kvite roboten har filmkamera, opptakar og høgtalar.

Doyle viser appen, som er knytt til ein enkelt robot.

Når eigaren opnar denne appen i andre enden vaknar roboten til liv og det lyser i augo. Via 4G kan eigaren kommunisere med klassekameratane sine, utan at dei ser hen. Slik kan borna delta på skulen, sjølv om dei er slitne og sengjeliggjande.

Ved å bevege fingeren rundt på sin eigen smarttelefon eller tablet, kan dei styra roboten.

Datatilsynet var først skeptiske til datatryggleiken, men sidan ingenting vert lagra, er alt lovleg.

Gründerane meiner å ha tenkt på det meste, som folk spør om i ettertid. Det har likevel vist seg nyttig å få robotane ut i test tidleg.

– Ideen som kom frå barnet på skulen var at; «Eg må kunne snakke lågt, om eg skal kunne snakke med sidemannen.» For roboten snakka like høgt heile tida, forklarar Aabel.

LES OGSÅ: Lagar plastikk av bananskal

Borna først
I første omgang vil No Isolation jobba med å betra kvardagen for langtidssjuke born, men visjonen til bedrifta er å nytta teknologi til å hjelpe alle som er ufrivillig isolert.

– Dagens kommunikasjonsløysingar let folk som allereie er sosialt aktive bli enno meir aktive, men det vert ikkje lagt til rette for at dei som ikkje er aktive skal få kome inn og vere med, understrekar Dolva.

Håpet er difor at dei snart kan få første modell ut i produksjon, for så å konsentrera seg om ei ny gruppe i samfunnet, som treng sosiale hjelpemiddel.