Roar Uthaug regisserer ny «Tomb Raider»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er Hollywood Reporter som melder at nordmannen skal regissere filmen, som framleis står utan tittel og skodespelarar.

– Eg gler meg veldig til å komme i gang. Dette er veldig stort, seier Uthaug, ifølgje NRK.

Publikum blei først kjent med arkeologen Lara Croft i dataspelet «Tomb Raider» frå 1996, og det blei nærmast med ein gongsett i gang planer om ein film basert på spelet.

Jolie spilte Croft i to filmar tidleg på 2000-talet. Begge filmane var kassasuksessar, men dei fekk for det meste svake kritikkar.

Den nye filmen er ikkje ein framhald på filmserien med Jolie, men skal i staden handle om Crofts første eventyr. Ei moglegheit er at «Tomb Raider»-spelet frå 2013, der Croft blir stranda på ein øy med ei valdeleg sekt, blir utgangspunktet for filmen.

«Bølgen» var ein kjempesuksess på norsk kino, og har også blitt lagt merke til i utlandet. «Tomb Raider» blir Uthaugs første engelskspråklege film. (©NPK)