Risikerer to timar skuleveg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Fjuken.

42 elevar har Lom som fyrsteval på line for studiespesialisering frå hausten. Berre 30 får plass.

19 elevar søkte om å koma inn på Otta. I utgangspunktet hadde fylkeskommunen sett av 40 plassar der, men dette talet er nå justert ned til 30.

I praksis betyr det at 11 elevar som eigentleg ikkje ynskjer å gå på Otta, må dit. Dei 12 overtalige i Lom – må til Otta eller andre vidaregåande skular.

LES OGSÅ: Slik unngår denne skulen fråfall

Må bytte skule
Det er nå sett eit tak på 30 elevar i kvar klasse i Lom, uavhengig av søkjartala. Dette skuleåret kom over 30 inn. Alle desse får ikkje halde fram til hausten. 34 har søkt om plass i andre klasse, det er i fylgje fylkeskommunen fire for mange.

Fire elevar i klassa må altså slutte på skulen. Det er karakterane som avgjer kven dette blir.

Elevane på skulen, og særleg dei som går fyrste året, reagerer på at ikkje alle som har søkt Lom kjem inn i fyrste klasse, og at medelevar ikkje får halde fram i klassa si.

– Dette er rett og slett urettferdig og eit teikn på at skulen skal sentraliserast, meiner elevrådsrepresentantane Alise Lauvstad Haugli og Karsten Wijgaart van Dijk.

Spesielt meiner dei dette blir håplaust for dei som bur lengst vest i Skjåk.

– Enkelte vil få 1,5 til 2 timar med skulebussen, seier Karsten.

Dei tillitsvalde elevane peikar òg på at det kanskje er elevar som på ymse vis kan streve som ikkje kjem inn i Lom, korkje inn att i klassa dei går i i år, eller får byrje på skulen i Lom i det heile teke.

– Dette vil ramme dei svakaste, som på alle vis ville hatt best av å gå i Lom, så nære heime som råd, meiner Alise og får støtte av Karsten.

Dei seier òg at skulen i Lom er populær fordi resultata der er gode. Dei tykkjer ikkje det er brukbart at ein god skule skal «straffast» fordi så mange vil gå på han.

Elevrepresentantane tykkjer ikkje at dei som bestemmer ser anna enn tal.

– Vi blir sett på som objekt, eller tal – dei tek ikkje omsyn til den enkelte elev i måten dei gjer dette, seier Alise. Dette er diktatorisk og rett og slett ikkje brukbart.

LES OGSÅ: Fleire fullfører vidaregåande skule

– Skrøpleg
Avdelingsleiar Jehans Storvik tykkjer det er skrøpleg at dei ikkje får ta inn fleire elevar i Lom.

– Vi skulle gjerne ha teke inn alle, det har vi gjort før og det har vore filosofien vår, seier han.

Skulen har nemleg plass. På avdeling for byggfag er det ledige lokal, rom som nå kanskje skal leigast ut til Lom kommune slik at kommunen får plass til alle som har søkt seg inn i barnehagen. Det kan altså bli barnehage i lokala til den vidaregåande skulen.

– Vi har plass, og dette er skrøpleg, seier ein oppriktig avdelingsleiar. Når vi veit at mange søkjer seg til Lom fordi vi har gode resultat å syne til, er det ein nedtur at vi ikkje kan ta inn alle.

LES OGSÅ: Vidaregåande skular kan bli kommunale

– Må ha fokus på heile regionen
Anne-Lise Marstein, frå Lom, representerer Arbeiderpartiet i komiteen for opplæring og kompetanse på fylkesnivå. Ti politikarar sit i denne komiteen. Sidan ho representerer Ottadalen i denne komiteen, har vi vald å få ein kommentar frå henne om denne saka.

– Eg har eit ansvar som fylkespolitikar og i den rolla har vi alle eit ansvar for å få totalramma, i dette tilfellet det som er løyvd til det vidaregåande tilbodet i Oppland, til å gå opp, seier Marstein.

– Eg har inga meining om søkjartala eller årsaken til dette, men det er utvilsamt eit signal som dei ansvarlege skuleleiarane ser nærare på.

Marstein seier vidare at ein har hatt ein tradisjon på å ville imøtekoma fyrstevalet hjå dei fleste.

– Dette er ein praksis som ikkje kan halde fram, det er ei kostbar løysing som «vår» situasjon er eit tydeleg eksempel på. Som fylkespolitikar må eg ha fokus på heile regionen, seier Marstein.

Marstein er naturleg nok oppteken av den vidaregåande skulen i Lom, og tykkjer ein skal vera stolt av dei resultata skulen kan syne til, men er generelt uroa over folketalsutvikling og elevgrunnlag.

Faktaboks

Skuleåret 2015/16

Søkjarar Lom: 42

Plassar: 30

Søkjarar Otta: 19

Plassar: 30

Både Lom og Otta er avdelingar av Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule.