Restaurert myr gir klimagevinstar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Myr er blant dei største karbonlagera vi har og regulator for CO2-innhaldet i atmosfæren, fortel Nibio.no. Myra lagrar karbon i dødt organisk materiale i uforstyrra tilstand. Norske myrer inneheld 3,5 milliardar tonn karbondioksid, som svarar til 66 års norske klimagassutslepp.

Frå myr til åker
Men mykje myr har blitt brukt til jordbruk i Noreg. Når vi drenerer myra og brukar ho til dyrka mark, vert det organiske materialet brote ned og myra slepper ut store mengder CO2. Tapet av CO2 er avhengig av myrtype, klima og dyrkingsform, men er berekna til å vere i gjennomsnitt rundt to tonn CO2 per dekar og år for nordiske land. Dette er omtrent det same som utsleppet frå ein gjennomsnittleg personbil. I tillegg til CO2 er dyrka myr også ei viktig kjelde til utslepp av lystgass (N2O).

Sjølv om jordbruksdrifta tek slutt, vil klimagassutsleppa fortsetje i lang tid så lenge dreneringa fungerer.

Restaureringsforsøk
Ved å restaurere brakklagt dyrka myr tilbake til den naturlege tilstanden, kan utsleppa reduserast. Å restaurere øydelagde myrar bidrar dessutan til å bevare naturmangfaldet.

Restaurering av myr inneber tilbakeføring til den naturlege tilstanden gjennom blokkering av grøfter og kanalar og heving av vasstanden.

I eit pilotprosjekt på Smøla har forskarar frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) no demonstrert metodar for restaurering av myr som er tatt ut av drift, i tillegg til å ha målt effekten av restaureringa på utslepp av CO2, metan og lystgass. Ein del av feltet hadde vore ute av drift i 15 år, medan det andre hadde vore ute av drift i 35 år.

Klimagevinstar
– På kort sikt var eitt av måla våre å finne ein relativt enkel restaureringsteknikk for å dempe kontinuerlege utslepp av klimagassar frå desse forlatne jordbruksområda, og verne jorda som ein framtidig ressurs. Det er viktig å sikre at det som ligg brakk ikkje blir verande som ei utsleppsbombe, seier seniorforskar og prosjektleiar Arne Grønlund frå Nibio på instituttet si nettside.

Resultata så langt viser at langvarig stopp i jordbruksdrift med reetablering av torvmyrvegetasjon kan føre til ein reduksjon i klimagassutsleppa.

– Vi ser at dei viktigaste føresetnadene for ei effektiv restaurering av myr med låge klimagassutslepp og netto karbonlagring, er blokkering av dreneringssystem og reetablering av myrvegetasjonen. For å kunne vidareføre slike tiltak på ein større skala må det fleire grep til, forklarer Grønlund.

– Neste steg i forskinga om restaurering av myr er å utvikle metodar for å føre tilbake mosar og teste ut effektar av dette på vegetasjon og klimagassutslepp. Men dersom restaurering av myr skal brukast i større skala, må det gjerast ei kartlegging av dyrka myr som er ute av drift og som eignar seg for restaurering, seier han. (©NPK)

Les meir:

«Den norske månelandinga», CO2-fangsten, kan bli billegare enn frykta. Det har fått internasjonal merksemd.

Ein potensielt revolusjonerande teknikk vart testa på Island, og fungerte: Kan gjera CO2 om til stein.

Her er gode nyheiter: Holet i ozonlaget lukkar seg fortare enn me trudde!