Rekordvarmt for tredje år på rad

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den globale temperaturen i 2016 er den høgaste som nokon sinne er målt, ifølgje ein rapport frå det amerikanske direktoratet National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA).

– 2016 var eit ekstremår for det globale klimaet, og står fram som det varmeste året så langt registrert, seier Petteri Taalas, generalsekretær i FN-organet World Meteorological Organization (WMO) ifølgje NTB.

Sidan målingane starta i 1880 har det ikkje blitt målt så høge temperaturar på jorda. Rekordvarmen i 2016 følgjer rekordåret 2015, som tok rekorden frå 2014.


Eksepsjonell tidleg issmelting på Grønland våren 2016, samanlikna med to år tidlegare. Foto: NASA sin tumblr. SJÅ FLEIRE BILETE

– Alle målingane er einige
Globaltemperatur inkluderer måling av temperatur på overflata og på havet frå hundrevis av basestasjonar, samt målingar frå værballongar og satellittar.

– Analysen viser at 2016 er spesielt. Alle målingane er einige om at 2016 er det varmaste dei har nokon gong har målt, seier Terje Wahl, avdelingsdirektør ved Norsk Romsenter.

Han trur ikkje målingane vil skape stor debatt.

– Vi er forbi punktet der vi diskuterer om klimaendringane føregår, seier Wahl.

Det britiske Met Office og NASA la også fram sine uavhengige rapportar onsdag denne veka, med same konklusjon.

 

El Niño og  klimautslepp
– Dette er ein veldig tydeleg rekord vi ser. Den kjem i hovudsak av endringar i det tropiske stillehavet der vi hadde ein El Niño som laga mykje varme. Men vi har også sett langsiktige trendar i oppvarminga som i hovudsak skuldast auke i drivhusgassane, seier Gavin Schmidt, direktør for NASA sitt romforskingsinstitutt, til BBC.

Wahl forklarar samanhengen mellom værfenomenet El Niño og menneskeskapt auke i klimagassar slik:

– I 2015 og i 2016 har auka klimautslepp og naturleg variasjon ført til endring i same retning. Oppover. Då vert det rekordvarme, seier han.

– Dei rekordvarme åra vi har sett i det 21. århundre kan berre forklarast med menneskeskapte klimaendringar. Effekten av menneskeleg aktivitet på klimaet er ikke lenger subtil, seier professor Michael Mann, klimaforskar ved universitetet i Pennsylvania, ifølgje NRK.

Også sjøisen i Arktis har blitt påverka av temperaturendringane, og vart målt til det minste arealet som nokon gong er registrert. På Antarktis vart det målt det nest minste området av sjøis nokon sinne, ifølgje NOAA.

Varmerekordar også i Noreg
I den månadlege rapporten frå Meteorologisk institutt, skriv forskarane følgjande om desembervêret her i landet:

«Månadstemperaturen for heile landet låg 4,6 grader over normalen, og månaden er av dei 10 mildaste desember-månadene sidan 1900. Fire fylker fekk ny rekord for høgaste maksimumstemperatur.» 

LES OGSÅ: Hagen tek feil om klima