Rekordstor omsetjarstøtte til norske bøker

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Knausgård mest omsett

I fjor vart det gitt støtte til 31 omsetjingar av 11 ulike Knausgård-titlar. På barne- og ungdomsfronten vart 14 Bobby Peers-omsetjingar støtta, fordelt på to titlar, medan åtte omsetjingar av Havboka til Morten Strøksnes fekk støtte.

– Norske forfattarar er meir attraktive for verdsmarknaden enn nokon gong og når ut til lesarar i alle deler av verda, seier direktør Margit Walsø i NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet, som støttar omsetjing av norske titlar på veg ut.

NORLA fekk i fjor 518 søknader om omsetjingsstøtte, som er det høgste i historia, og gav dryge 7 millionar kroner i samla støtte.

Dei 499 innvilga søknadene er fordelt på 375 ulike titlar og 238 forfattarskap. Skjønnlitteratur utgjorde 382 av omsetjingane, inklusive 129 barnebøker, og sakprosa stod for 117. Støtta vart 16 poesiutgjevingar, åtte dramatiske verk, fem essaysamlingar og to novellesamlingar.

Engelsk toppar med 52 støtta omsetjingar av norske bøker. Dansk kjem på andreplass med 36, følgt av tysk med 32. I alt 18 omsetjingar til kinesisk er også støtta, av dei er 14 barnebøker.