Rekordmange studentar på utveksling

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

15,4 prosent av studentane som tok ein grad i Noreg i 2016 hadde vore på utveksling i utlandet som ein del av utdanninga – opp frå 14,9 prosent i 2015. Dette går fram av Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2017.

ANSA, organisasjonen for norske studentar i utlandet, let set ikkje imponera av tala.

– Det er gledeleg at det er stigande, men me synest ikkje det stig så mykje som ein kunne håpa på. Viss det skal halda fram med å stiga 0,5 prosentpoeng i året, er ein eit godt stykke unna å nå målet om 20 prosent innan 2020, seier ANSA-president Ole Kristian Bratset til Framtida.no.

Rekord i Erasmus-utveksling
Tilstandsrapporten viser at rekordmange norske studentar har reist på utveksling til Europa med Erasmus-stipend.

2248 studentar reiste ut med Erasmus-stipend i 2016, etter at talet har lege stabilt på rundt 1750 studentar i fleire år. Det er ein auke på heile 27 prosent.

– Dette tyder på at insentivet som gir utteljing for utreisande Erasmus-studentar i finansieringssystemet, altså at utdanningsinstitusjonene blir løna økonomisk, verkar. Dette er nytt i år, uttalar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding frå regjeringa.

LES OGSÅ: Fleire vil studere fransk og tysk

Vil ha utveksling som norm
ANSA-presidenten etterlyser sterkare lut for å få opp talet på utreisande studentar enno meir.

– Me har sagt fleire gonger at det ville ha vore ein god idé om utveksling var noko ein måtte velja seg bort frå, ikkje noko ein må søkja seg til. Viss ein skal få til ei kulturendring der det å dra på utveksling er norma, ikkje noko eit fåtal gjer, så trur eg noko sånt må til, seier Bratset.

– Kvifor er det viktig å få fleire til å reisa på utveksling?

– Det er heilt nødvendig for å henta inn andre impulsar enn det ein finn her heime. Internasjonal erfaring er også stadig meir etterspurt av norsk næringsliv, særleg språkkunnskap.

LES OGSÅ: – Ta sjansen på utveksling

USA framleis størst
Ifølgje tilstandsrapporten er det også vekst i talet på utanlandske studentar som reiser på utveksling til Noreg, og dei er framleis ei mykje større gruppe enn dei norske studentane som reiser ut.

Australia er i ferd med å ta att USA som det mest populære landet å reisa på utveksling til. Også europeiske land som Storbritannia, Tyskland, Spania og Nederland er i vekst.

Så mange norske studentar reiser på utveksling i utlandet, og så mange utanlandske studentar utvekslar til Noreg:

utveksling-Untitled-2

Desse landa reiser dei norske utvekslingsstudentane til:

utveksling-Untitled-3

Frå Tilstandsrapport for norsk høgare utdanning 2017 (pdf).