Rekordmange besøk i biblioteka

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meir populært enn kino, fotball og gud

Folkebiblioteka hadde 23 millionar besøk i 2015. Det er kring éin million fleire besøk enn året før, og meir enn nokon gong. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Kvar nordmann besøkte i snitt eit folkebibliotek 4,4 gonger.

– Det er jo strålande! seier Mariann Schjeide (bildet) om tala. Ho er leiar i Norsk Bibliotekforening.

Auka satsing på debattar og andre arrangement er med på å få opp besøkstala, trur både ho og avdelingsleiar i Nasjonalbiblioteket Svein Arne Tinnesland.

– Det auka besøket i folkebiblioteka viser at biblioteka speler ei viktig rolle. Biblioteka blir aktivt brukt av store delar av befolkninga, understrekar han.

– Dessutan er det ein trend i store bibliotek at folk vil vera åleine saman med andre. Særleg i større bibliotek ser me at folk bruker meir tid, seier Schjeide og viser til ei undersøking blant biblioteka i storbyane. Denne undersøkinga viser at unge mellom 19 og 30 utgjer 29 prosent av brukarane.

Vil du arrangera debatt på biblioteket? Slik lagar du debatt!

Stabilt bokutlån – færre låner dvd
Mariann Schjeide seier ho er overraska over at boklånet går svakt opp, etter ein svak nedgang i fleire år:

Ifølgje KOSTRA-tala blei det lånt ut 16.870.018 bøker i 2015, ein oppgang på 41.000 bøker frå året før.

Utlån av video har gått ned frå 4,2 millionar i 2011 til 3 millionar i fjor.

LES OGSÅ: Folkebiblioteka mest populære

På toppen
Innbyggjarane i Bykle tronar på toppen i bibliotekbesøk i landet. I snitt var dei innom biblioteket sitt 25 gonger i 2015.

– Biblioteka våre er held til i kulturhus og er ein samlingsstad og møteplass for mange. Dessutan er dei òg skulebibliotek, noko som òg trekk opp talet, fortel biblioteksjef Kaja Tho.

Særleg dreg biblioteket i Hovden dreg opp. Der er opningstida frå åtte om morgonen til ti om kvelden fire dagar i veka.

Slik får du siste boknytt og nye bokmeldingar på nettsida di!

Få nyhendebrev med siste boknytt her!

Faktaboks

Bibliotekbesøk

2015: 23,1 millionar
2014: 21,9 millionar
2013: 21,3 millionar
2012: 21,3 millionar
2011: 22,4 millionar
2010: 22,3 millionar

Til samanlikning:
12.028.030 løyste billett på norske kinoar i 2015.
5.770.032 deltok på gudstenester i Den norske kyrkja i 2015.
1.610.684 var tilskodarar i Tippeligaen i 2015.     

Kjelde: SSB, Film og Kino og Altomfotball.no