Regjeringa søker tosk

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi som skriv i avisa lever for å fortelje deg at ting ikkje er som dei ser ut til å vere. Viss du tenker om noko at «det er vel ikkje så farlig», då er vi her for å fortelje deg at jo, det er faktisk farlig.

Du trur for eksempel kanskje at det berre var ein dum glipp då regjeringa la ut bilde av peparkaker forma som jagarfly på Instagram denne veka? Og at dei angra seg så fort dei såg all kritikken og all vitsinga?

Vel, slik var det ikkje. Peparkakene var ein del av ein bevisst strategi. Vi kan no avsløre at denne stillingsannonsen for ei tid tilbake låg på finn.no:

Vil du bidra til å utvikle samfunnsdebatten og gjere det lettare for fleire å delta? Vil du også hjelpe den norske regjeringa i sitt arbeid for samfunnet?

Regjeringa søker no:

TOSK
i fulltids stilling.

Som tosk vil du jobbe tett på nokre av våre mektigaste politikarar. Du vil vere nær store og viktige beslutningar i samfunnet. Du får drikke kaffi i kantina saman med dei som bestemmer her i landet. Og du får lov til å gjere feil.
I samband med regjeringas strategi for effektivt arbeid og auka folkelig deltaking i samfunnsdebatten, er tosken sentral. I starten vil du arbeide åleine, men målet er å bygge opp ei eiga toskegruppe med ein seniostosk i spissen.

Arbeidsoppgåvene dine vil vere å gjere små, synlige og ufarlige tabbar offentlig, tabbar som det er enkelt for kven som helst å meine noko om, riste på hovudet av, latterliggjere, parodiere eller – om du er ein ukjent politikar som vil opp og fram – reagere moralsk på utan at nokon eigentlig bryr seg.

Slik vil ditt arbeid bidra til at fleire engasjerer seg i samfunnsdebatten og kjenner at dei meistrar det. Samtidig bidrar du til at folk får noko enkelt å meine noko om, i staden for å engasjere seg i debattar på område der regjeringa ønsker arbeidsro, for eksempel i spørsmål om militær deltaking utanlands, eller kva regjeringa eigentlig skal gjere med sånne som Telenor som drit i alt dei får beskjed om.

Vår erfaring er dessutan at folk gjerne lar vere å engasjere seg i slike saker viss dei berre får noko anna å tenke på. Slike saker er nemlig ganske vanskelige å engasjere seg i, både fordi det er vanskelig å vite kva ein skal meine, og fordi det er vanskelig å meine noko utan å vere einig med han snusfornuftige eks-rockaren i VG. Og då kjenner folk seg teite.

Vi vil ikkje at folk skal kjenne seg teite. Vi vil at folk skal kjenne seg smarte. Og morsomme. Og engasjerte. Derfor er jobben som tosk så sentral.

Dine arbeidsoppgåver vil vere:
– Stå i bakgrunnen med ein caps med teksten «Piss off!» når regjeringa og samarbeidspartnarane har pressekonferanse om integrering.
– Lage peparkaker forma som f.eks. bomber eller krigsfly og legge dei ut på Internett som om det var kos.
– Gå omkring og sjå ekstremt bra ut i ei t-skjorte med teksten «I woke up like this» når eit departement arrangerer konferanse om kroppspress.
– Skrive noko stygt om for eksempel bønder på Facebook og «gløyme» at du jobbar for regjeringa.

Dine kvalifikasjonar.

Du er:
– Umusikalsk.
– Dårlig til å vurdere sosiale situasjonar.
– Svak for dei mest nerdete og klønete bifigurane i «House of Cards» og «Presidenten».
Og du må sjølvsagt sjå ekstremt bra ut i ei t-skjorte med teksten «I woke up like this».

Vi kan tilby:
– Lønn. Der skal vi vere greie.
– Varierte arbeidsoppgåver.
– Bittelitt offentlig audmjuking.
– Rikelig med sjansar til å gå rundt i regjeringskorridorane og leike at du er med i «House of cards» og «Presidenten».

Søknad full av små og pinlige feil kan sendast den norske regjeringa snarast. Alle vil bli kalla inn til intervju. Den som møter opp i mest feil antrekk, får jobben.

Lykke til! Glad for å ha deg med på laget for eit betre samfunn med aktive borgarar.

Koz, regjeringa.

Først publisert i Aftenposten 12. desember.
 

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Fekk du med deg denne: Regjeringa får pepper for å legge seg flat for pepparkake-kritikk