Regelendring kunne gje han Stortingsplass

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Foreslår nye personvalreglar

Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) seier at eit framlegg til nye personvalgregler for Stortinget skal leggjast fram neste år.

Ifølgje ein rapport frå Uni Research Rokkansenteret avga 12 prosent av norske veljarar personrøyster, eller røyster til spesifikke kandidatar på ei partiliste, i fjor, sjølv om desse røystene betyr svært lite. I rapporten kjem det fram at til dømes Eskil Pedersen (Ap), Ola Borten Moe (Sp) og Fabian Stang (H) kunne vorte valde inn dersom slike røyster vog tyngre.

Arbeidarpartiets Jette Christensen seier at partiet har støtta framlegg om at regjeringa utreiser endringar av valordninga for stortingsval.

– Ei velfungerande valordning må vareta visse kryssande omsyn. Folkevalde organ skal vere representative. Partia har med sine vallister høve til å føreslå kandidatar som utfyller kvarandre med omsyn til kjønn, geografi og bakgrunn. Det er viktig at dette også vert vareteke i ei ny valordning, seier Christensen.

Forskar Dag Arne Christensen seier at dei vart overraska over kor mange som tilsynelatande trudde at personrøyster hadde ein effekt, men seier at ei innføring av personval ikkje nødvendigvis vil snu partisamansetjinga opp ned.

– Partia står veldig sterkt i den norske tradisjonen, og veljarane er ofte samde med partiet om kven som bør representerast. Med mindre det er indre usemje i partiet, er det difor ikkje sikkert at personval vil ha stor innverknad, seier han. (©NPK)

LES SISTE OM POLITIKK HER!