– Redda av Volda sjukehus

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marie (2 år) fekk ein tøff start på livet. To veker før termin kjende Karoline Mo Ryste seg dårleg. Det var 31. oktober 2013. Ho stod med eldstedottera Rebekka (då 4 år) på badet då ho kjende at noko var i ferd med å skje. Ektemannen Hans Vegard Ryste var akkurat tilbake etter å ha levert sonen i barnehage.

– Vatnet har gått! ropte eg til Hans Vegard, og han kom styrtande inn på badet. «Det der er ikkje vatn», sa han.

Deretter gjekk det slag i slag. Rebekka vart vitne til ting små barn ikkje burde vere vitne til.

– Eg miste høyrselen og kjende at eg berre ville sove. Men tenkte at dersom eg lukkar auga no då kjem eg ikkje til å vakne att. Eg fokuserte på Rebekka. Snakka med henne og sa at alt kom til å gå bra, og at det berre er veslesystera som skal kome. Ho hadde fullstendig panikk. Det var vi nok fleire om.

LES OGSÅ: – Konklusjonen kan bli at akuttkirurgien held fram

To ambulansar kom til Rystene, og fekk stabilisert Karoline, som fekk konstatert morkakeløysing. Det bar strake råsa til sjukehuset i Volda.

– Det som sit sterkast att er då dei lytta etter hjartelyden til Marie, men ikkje fann han. Dei stod der berre og rista på hovudet.

Hell i uhell, som Karoline seier, var det akkurat vaktskifte. Ingen fekk lov til å gå. Alt fokus var på å berge mor og barn.

– Der var eit hav av grønkledde, minnast ho.

Det bar rett på kirurgien i narkose.

LES OGSÅ: Høie møtte stort fakkeltog

– Då eg vakna forstod eg ikkje kvar eg var eller kva som hadde skjedd, men vart roa ned med at alt hadde gått bra. Men Marie var dårleg. Ho hadde hatt 40 i puls, og ho scora 1 på apgarskalaen.

Apgarskalaen er ein metode som vert brukt til å vurdere tilstanden til dei nyfødde. Skalaen går frå 1–10. Alt under tre betyr at tilstanden er kritisk.

Marie vart frakta til Ålesund sjukehus. Der vart ho nedkjølt for å gi kroppen ein mjukare start på livet. Karoline fekk kome etter seinare på kvelden.

– Marie var og er sterk. Ho kom seg raskt, men det var på nære nippet at dette gjekk bra.

Karoline og familien tør ikkje tenke på kva som hadde vorte resultatet om dei måtte ha venta på helikoptertransport eller måtte ha vorte frakta i ambulanse til Ålesund.

– Det hadde jo ikkje gått bra. Utan sjukehuset i Volda hadde ikkje Marie vore her i dag. Truleg ikkje eg heller. Eg takkar dei fantastiske menneska i Volda for at vi er i live.

På seinare kontrollar ved sjukehuset er legane overraska over kor bra alt har gått. Marie er ei kvikk og frisk jente.

– Ho har hatt nokre tørnar, mellom anna med feberkrampe, og ho har fått oppfølging for å sjekke ut seinskadar, men det er ingenting ho kan få som ho ikkje kan leve med. Alt ser ut til å ha gått veldig bra.

Karoline Mo Ryste har lite til overs for forslaget om å legge ned akuttkirurgien i Volda, og gir klar beskjed til helseminister Bent Høie som besøkte Volda tysdag.

– Få hovudet opp frå statistikkane dine og sjå menneska! Lat oss få behalde tryggheita vår. Han burde prøve å bu her sjølv og sjå korleis ting fungerer, eller ikkje fungerer, når hauststormane herjar, helikoptera står på bakken og hovudvegen til Ålesund er stengt av ras. All ære til sjukehuset i Ålesund. Vi treng dei, men vi treng også Volda. Du reddar ikkje økonomien i helse-Noreg ved å bryte ned velfungerande lokalsjukehus.

LES OGSÅ: – Kor mykje er eit liv verdt, Høie?