Rebekka (18) feirar russetida utan alkohol

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er edruss fordi eg har det like kjekt utan å drikke. Det er mykje drikkepress i russetida, og eg ønsker å stå i mot det presset, seier Rebekka Reilstad til Framtida.no.

Saman med nesten 700 andre deltek Reilstad i ungdomsorganisasjonen Juvente sitt prosjekt Edruss. Sist helg var ho til stades på Landstreffet i Stavanger for å feste og ha det moro.

– Vi hadde høge forhåpningar, og dei vart innfridd. Det var veldig gøy, seier Rebekka Reilstad.

I Stavanger var 13 500 russ samla til sol, konsertar, fyrverkeri og alkohol. Edrussen hadde derimot ei alkoholfri servering, fortel prosjektleiar Daniel André Selstø i Juvente.

– Vi delte ut over 10 000 glas brus, så det seier litt om kor mange som legg merke til oss, skriv han i ein epost til Framtida.no.

EdrussbilenVagaryRebekkaReilstadWeb
Alle om bord i russebilen Vagary 2017 har tatt eit val om å vere edru gjennom heile russetida. Foto: Privat

Drikkepress i russetida
I år har 680 registrert seg som edruss, ein auke frå 580 i 2016 og 430 i 2015, opplyser Selstø. Han fortel at målet til Edruss ikkje er å overtale russ til å la vere å drikke, men istaden skape aksept for dei som vel å ikkje drikke.

– Synlege og edru russ er viktige for å redusere drikkepresset og for å inkludere dei som vil vere edru i russetida, forklarar han.

I dagane som er att av russetida må Reilstad prioritere hardt mellom skulearbeid, festar og køyring med russebilen. Den avsluttande 17.mai-feiringa skjer først i barnetoget på Nærbø, og deretter i folketoget i Sandnes.

– Å vere russ er meir enn å drikke, seier Reilstad.

Eigne russeknutar
Edrussen har sine eigne knutar, som skil seg frå tradisjonelle russeknutar ved at dei ikkje inkluderer alkohol.

knutelista deira står det til dømes «Lure to medruss til å drikke alkoholfritt» og «Utfordre minst to medruss som ikkje er Edruss til å vere edru sju dagar på rad og få dei til å gjennomføre utfordringa».

– Vi har ein morosam knute der du skal stå ved sidan av ei søppelbøtte og juble kvar gong nokon kastar noko, avsluttar Reilstad.

LES OGSÅ: Russen fortvilar: – Ungane kastar egg og matolje etter oss