Reagerer på at asylbarn ikkje blir høyrt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Grande: – UNE driv med fri tolking

Venstre og KrF har no kontakta Statsministerens kontor (SMK). Dei vil ha statsministeren på banen for å få justisminister Anders Anundsen (Frp) til å rydde opp i UNEs praksis rundt høyring av barn, skriv Aftenposten.

– Tolkinga av regelverket som UNE legg til grunn, er uhaldbar. Vi har vore veldig tydelege på at barna skal bli høyrt. Det blei laga opning for eitt unntak – dei som openbert skulle få komme tilbake, kunne ein la vere å høyre for å spare tid. Dette skulle vere den einaste unntaksordninga. Punktum, seier KrFs nestleiar Dagrun Eriksen til Aftenposten.

UNE, derimot, har peikt på regelverket dei har fått av Justisdepartementet og slått fast at nemndene ikkje er nøydd til å høyre barna direkte dersom nemndene sjølv meiner saka er nødvendig opplyst.

– UNE driv med fri tolking av eit rundskriv. Dette viser at systemet vårt ikkje verkar lenger, seier Venstres leiar Trine Skei Grande.

Utlendingsnemnda (UNE) er no halvvegs i si klagebehandling for dei utsende asylbarna og familiane deira. 11 av 15 familiar har fått avslag, fire familiar får komme tilbake til Noreg. To av dei fire familiane har berre fått avgrensa opphald og må bu på mottak og søke nytt opphald kvart år. UNE stadfester overfor Aftenposten at ingen av barna har vore direkte høyrt i nemndbehandlingane. (©NPK)