Ravatn droppar Bård og Harald

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattaren frå Ølen – blant anna med bakgrunn som sommarvikar i Sunnhordland – skulle fungera som ei blanding av reportar og kommentator i Bård Tufte Johansen og Harald Eia sitt nye program "Storbynatt" på NRK1.
 
Opptaka i full gang
Opptaka til programmet – med premiere 2. november – er alt i full gang. Men no har Ravatn bestemt seg for at ho likevel ikkje vil vera med.

– Hovudgrunnen til at eg trekkjer meg er at eg trur det hadde gått utover skrivinga mi. Jeg trur at eg er sjølvoppteken nok frå før, om eg ikkje skal gå rundt og tru at eg vert attkjent på gata heile tida. Dessutan har eg ikkje noko å ha på meg på tv, seier forfattaren til dagbladet.no.
 
– Udramatisk
Ho omtalar avgjerda som heilt udramatisk.

– Eg vakna opp ein morgon, og skjøna at eg ikkje ville vera på tv.

LES OGSÅ: Spør ein forfattar!

Ravatn har spela inn fleire innslag, som truleg kjem til å verta vist i programmet. Det er heller ikkje utenkjeleg at ho kjem til å opptre som gjest i "Storbynatt", stadfestar produsent Lars Hognestad.

– Me respekterer avgjerda hennar, men tykkjer det er synd at ho hoppar av. Me tykkjer at Ravatn er kjempemorosam, seier Hognestad.
 
– Hoppar av i svingen
– Folk er villege til å ofra både ein arm og ein fot for å koma på tv, så då kan eg godt vera den personen som skaper litt ubalanse. Det har vore veldig kjekt å jobba med programmet, men no har eg prøvd det og tenkjer at det er like greitt at eg hoppar av i svingen, seier Agnes Ravatn.

LES SAKA PÅ SUNNHORDLAND.NO!