Rasismekortet og andre kort

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ytringa var først publisert på Ivar Aasen-tunet sine nettsider.

Eg har lurt på ein ting. Når blei det eigentleg vanleg å spele kort i dei offentlege ordskifta? Om det no er slikt dei held på med, dei som heile tida trekkjer fram kort i stadig nye og ukjende valørar.

Dei som sit med korta på handa, snakkar aldri om dei. Det skulle no også berre mangle, ein må jo ha litt pokerfjes. Det er alltid motdebattantane som hevdar at nokon driv med kortspel. «Du kan ikkje dra fram det kortet her», seier dei gjerne. «Det høyrer ikkje heime i det spelet vi held på med».

Det kortet flest får kritikk for å bruke, er rasismekortet. Eg har aldri sett det sjølv, men etter det eg forstår er det ikkje akkurat noko ess. No er det også litt ulike meldingar om korleis dette kortet blir brukt. Nokon seier at ein trekkjer rasismekortet, andre at ein spelar det ut. Slik eg kjenner kortspel, er det ein vesentleg skilnad på dei to. Om ikkje kortstokken er fiksa, kan du ikkje vite kva kort du trekkjer, men du er veldig klar over kva kort du spelar ut. Vanlegvis i alle fall.

Den nye debattkortstokken inneheld også fleire andre kort, religionskortet, nazistkortet og til og med kvit-heterofil-mann-kortet. Med slike kort på handa, burde det i alle fall vere umogleg å blande dei.

Når ein har halde på lenge nok, er det mange som er freista til å kaste korta. Få har gjort det på like legendarisk vis som politikaren Hanna Kvanmo, frå talarstolen på sjølvaste Stortinget. Ho avslutta ein debatt med dåverande statsminister Kåre Willoch med orda «Æ gir mæ. Kaste kortan og si´r gris.» Om Willoch då sat med fire like på handa og tommelen på bordet, er det ingen som har sagt noko om.