Quizen som viser kven du eigentlig er

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I år gjer vi ein liten vri (som det heiter når vi gjer nesten det same som sist). I årets quiz er det ingen rette svar. Det er heller ingenting som er feil. Her skal du svare etter kva slags menneske du ønsker å vere.

Dersom du ønsker å vere ein irriterande moralist som slår inn opne dører, skal du svare alternativ a på alle spørsmåla. Dersom du ønsker å vere ein sånn som seier om seg sjølv at «Eg seier det berre som det er», skal du svare alternativ b på alle spørsmåla. Dersom du ønsker å vere ein irriterande type som alltid skal vere smartare enn andre og samtidig vise at du tar lett på ting og har humor, skal du svare alternativ c.

Lykke til!

1. Kvifor ser du på NRKs ungdomsserie «Skam» sjølv om du er over femti? Du veit jo godt at dette er ein serie om og for tenåringar?

a) Fordi det er viktig å gjere eit forsøk på å forstå kva som rører seg i Generasjon Prestasjon, og sette seg inn i livssituasjonen til dagens unge, som lever under eit konstant og umenneskelig press for å vere perfekt, prestere på topp og sjå perfekt ut. Eg har sjølv jobba i skuleverket i mange år, i tillegg til at eg speler i eit Neil Young tribute band, og eg har sjølv sett korleis kroppspress og snapchat gjer dagens unge sjuke. Dei må lære seg å slappe av og spele rock, men samfunnet styrt av gutteklubben grei og multinasjonale selskap vil det ikkje slik.
b) Eg synest desse ungdommane er så flinke.
c) Det er interesant å sjå korleis NRK bruker moderne marknadsføringstriks for å nå ungdommen med ein på mange måtar heilt tradisjonell dramaserie, som får kultustatus fordi ungdommane får illusjonen av å oppdage serien sjølve. Og så er det jo litt artig å sjå at det å vere ung i dag og det å vere ung for tjue-tretti år sidan eigentlig er heilt likt. Og han eine har veldig store augebryn.

2. Kvifor følgjer du med på alle nyheiter om Donald Trump, eigentlig?

a) Fordi det er skremmande å sjå kva retning vår «nærmaste allierte» beveger seg i. Donald Trump, eller «Donald Plump» som eg liker å kalle han, representerer alt som er farlig og kaldt i det amerikanske samfunnet som så mange ser opp til. Eg vågar knapt å tenke på korleis verden vil sjå ut med Donald Plump som leiar for verdenspolitiet. Eg har ingenting imot USA. Det er ikkje det. Eg elskar mykje amerikansk. Eg speler for eksempel i eit Bruce Springsteen tribute band, i tillegg til jobben min i kulturskulen, men Trump er ein parodi på den amerikanske draumen.
b) Eg synest han seier så mykje rart.
c) Eg finn stor glede i alle dei forutseielige angstbiterske reaksjonane frå USA-hatarane, og alle ekspertane som ikkje forstår kva som skjer. Og ikkje minst: Alle dei som alltid hevdar at USA er eit mykje meir avansert land enn USA-hatarane vil ha det til, dei slit også veldig no. Trump får fram det mest mislykka i stort sett alle synsarane her heime. Det er stor underhaldning. Og så er det jo håret, sjølvsagt.

3. Kvifor synest du om Sylvi Listhaug, eigentlig?

a) Ho representerer alt det verste i det kalde norske samfunnet. Den umenneskelige kynismen og den harde retorikken hennar skremmer meg. Og eg har sjølv jobba med innvandrarar, mellom anna i skuleverket. Dessutan har vi fleire gonger hatt berehjelp frå det lokale asylmottaket når vi har spelejobbar med bandet vårt som syng Cohen på telemarksdialekt.
b) Det må vere lov å seie at ein er livredd for at verdiane vi trur på skal dø og forsvinne om vi ikkje seier stopp no. No har eg sjølv forsåvidt aldri vore spesielt for verdiar som likestilling og homorettigheiter før eg skjønte at muslimar var imot, men likevel: Det må vere lov å seie frå utan at ein skal få berre kjeft tilbake.
c) Det er så søtt å sjå kor takknemlige alle på venstresida blir når det dukkar opp nokon som Listhaug. Ho er alt dei hatar. Flink, snusfornuftig, frå Vestlandet, sikkert kristen. Ho er den nye Valgerd. Og i tillegg er ho hard i asylpolitikken. Kva ho står for, er eg ikkje så opptatt av. Eg er meir opptatt av le av dei som er opptatte av kva ho står for.

God påske då, alle tre.


Først publisert i Aftenposten 26. mars.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!