Protesterer mot bokmålnynorsk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Han er med i styret i Leikanger Mållag og vart i vinter send til Oslo for å stemma nei til det nye nynorskforslaget. Men til inga nytte. 1. august vart dei nye reglane innførde.

Kritikkverdig
Torsdag skreiv Sogn Avis at Jan Olav Fretland, målmann og førsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, meinte at den nye nynorsknorma ville utgjera lite forskjell for dei fleste sogningar.

Sølsnes meiner at Fretland si framstilling av den nye rettskrivinga er lite nyansert.

Tydeleg norm
– Det er rart at i-målet vert framheva som den viktigaste endringa. Det er mykje anna med den nye norma som er like kritikkverdig, seier Bjørn Sølsnes.

Sølsnes reagerar på det han meiner er eit stadig meir bokmålsprega nynorsk. Her syner han til at det til dømes vert lov å skriva svømme og bølge i tillegg til dei gamle formene symja og bølgje.

– Det er tydeleg kva veg det ber. Vert dei to skriftspråka våre for like, misser nynorsken prestisjen som sjølvstengig språk, meiner målmannen.

Han syner til mandatet til kulturdepartementet, der det mellom anna heiter at den nye nynorsknorma skulle verta «ei tydeleg, enkel og stram norm for nynorsk, utan sideformer».

LES OGSÅ: Må klara seg utan nye ordlister

Pugga enkeltformer
– Etter endringa har me no fleire hovudformer, noko som kan verka forvirrande. Dessutan er det no til dømes lov å skriva sommar og sumar, men ikkje både somme og sume. Sume går ut, seier Sølsnes.

– Er det forenkling når ein må pugga enkeltformer framfor å læra seg konkrete reglar?

I den nye rettskrivinga har valfridomen i frekvente ord auka.

– «Me ynskjer dykk velkomne» kan til dømes no skrivast på 16 ulike måtar, mot fire tidlegare, påpeikar han, og legg til at Språkrådet har gjeve for lite informasjon om kva dei nye endringane dreier seg om.

LES OGSÅ: Dette er den nye nynorsken

De og dokker
Som eit alternativ til dei personlege pronomena de og dykk, kan ein i nynorsk no òg nytta dokker, både i subjekts- og objektsform.

Sølsnes tykkjer det er merkeleg at ein har valdt å koma eitt enkelt dialektområde i møte på denne måten.

– Dersom det skal vera lov å skriva dokker, burde ein vel få lov til å skriva dikka, deke, deko, dokk og dere òg?

LES SAKA I SOGN AVIS!