Prisen for dei fem ringane

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kan gå inflasjon i alt, men prisauken på OL-arrangement overgår det meste. Vinter-OL i Oslo i 1952 kosta omtrent 150 millionar etter dagens kroneverdi. Lillehammer-OL i 1994 kosta 8,4 milliardar av dagens kroner. No vil som kjent Oslo prøve seg att, og eit eventuelt Oslo-OL i 2022 er planlagt å koste det offentlege opptil 23 milliardar kroner, og 35 milliardar totalt. (Det er før overskridingane som alltid kjem – Lillehammer-budsjettet vart firedobla.)  

Kva kjem denne ekstreme OL-inflasjonen av? Mange årsaker, sjølvsagt. Fleire idrettar, fleire utøvarar, fleire mediefolk, meir av alt. Men ein av dei viktigaste grunnane er truleg politikken til dei mektige herrane av OL, Den internasjonale olympiske komiteen (IOC).  

Dei 100 medlemmene i denne stort sett sjølvrekrutterande klubben, leia av belgiske Jacques Rogge, avgjer kven som skal få arrangere OL. Krava IOC stiller til arrangørane, og konkurransen mellom søkjarbyane, får kostnadene til å skyte i vêret, meiner den britiske journalisten og forfattaren Andrew Jennings.  

– Det IOC driv med overfor arrangørlanda, er utpressing. Dei seier i praksis: «Om de verkeleg vil ha OL, må de ut med enorme summar av skattebetalarane sine pengar. Elles respekterer de ikkje IOC. Og om de ikkje respekterer oss, går vi heller til ein autoritær leiar som Putin, som vil bruke så mykje som helst», seier Jennings til Dag og Tid.  

– IOC ønskjer seg sjølvsagt ikkje gamle anlegg i eit OL. Dei vil ha flotte anlegg med nye stolar, enda meir behagelege enn sist.  

Korrupsjon  
Andrew Jennings er neppe ein høgt elska mann i IOC-hovudkvarteret i Lausanne. I boka The Lords of the Rings frå 1992 skildra han ikkje berre fascistfortida til IOC-leiar Juan Antonio Samaranch, men òg korrupsjonen som florerte i det løyndomsfulle OL-systemet.  

Jennings fortalde om IOC-medlemmer som reiste frå søkjarby til søkjarby på offisielle inspeksjonsbesøk og ikkje berre venta seg fyrsteleg oppvarting: Dei kravde alt frå seksuelle tenester til studieplassar for barna sine og godt betalte «konsulentoppdrag» for familie og vener.  

Jennings trur IOC kan ha forbetra seg noko etter korrupsjonsskandalen i 1998, da det vart avslørt at fleire IOC-medlemmer hadde kravd og fått litt for mange varer og tenester i samband med tildelinga av vinter-OL i 2002. Etter dette kom det òg ein del reformer av IOC-systemet og regelverket til organisasjonen.  

– Truleg er dei grådigaste IOC-medlemmene luka ut. Men IOC driv framleis med ei form for utpressing overfor OL-søkjarane. Og IOC reiser rundt og oppmuntrar og skryter av kandidatbyane, fordi dei har alt å tene på konkurransen dei imellom. Dette er framleis ein udemokratisk, ugjennomsiktig organisasjon, seier Jennings.  

Pengemaskina  
Den hissige konkurransen om å få tildelt OL er av ganske ny dato. På 1970- og 80-talet var oppdraget mindre attraktivt, mellom anna grunna terroren under München-OL i 1972 og økonomiskandalen etter Montreal- OL i 1976. 

Men med OL i Los Angeles i 1984 vart alt endra: 
Tv- og sponsorinntektene svulma opp, OL vart ei enorm pengemaskin. Og kva ein elles kan seie om IOC-leiar Samaranch, hadde han forretningssans. Organisasjonen auka inntektene sine kolossalt i hans regjeringstid frå 1980 til 2001. Og når ei rekkje søkjarbyar knivar om å få OL, aukar det òg makta til IOC.

OL-tildeling er ein seljars draumemarknad: ein tilbydar, mange som vil by.

 – Eit OL genererer enorme inntekter frå tv-avtalar og sponsorar. Og når det er konkurranse om å få OL-arrangementet, er det lettare for IOC å stille krav om korleis inntektene skal fordelast, seier Harry Arne Solberg, som er professor i idrettsøkonomi ved Handelshøgskulen i Trondheim.  

LES OGSÅ: Nord-Noreg negativ til OL på Austlandet

Dyre i drift  
Inntektene frå billettsalet i OL er for lommerusk å rekne, det er tv-rettane og sponsorinntektene som monar. Selskapet NBC har til dømes betalt 25 milliardar kroner for dei amerikanske tv-rettane til OL frå 2012 til 2020. Om arrangørlanda hadde fått storparten av desse inntektene, ville kostnaden ved å arrangere OL vore langt lettare å bere og risikoen mindre. Men frå 2004 av reduserte IOC OL-arrangørens del av tv-rettane frå 60 prosent til 49 prosent.  

– I siste OL gjekk heile 68 prosent av tv-inntektene til IOC, på grunn av endringar i avtaleverket, seier Solberg.  Han påpeikar at det meste av kjempeinntektene til IOC går ut att frå Lausanne: til internasjonale idrettsforbund og dei nasjonale olympiske komiteane.  

– Men ein god del går òg til drifta av IOC. Dei folka bur ikkje akkurat på bed and breakfast når dei er ute og reiser.  

Hemmelege krav  
Også arrangementskostnadene blir drivne opp av at det er mange om OL-beinet, meiner Harry Arne Solberg.  

– Los Angeles vart i praksis bedne om å ta jobben i 1984. Dermed kunne arrangørane seie: «Da gjer vi det på vår måte». Los Angeles heldt kostnadene nede og brukte eksisterande anlegg. Dei kravde òg å få behalde storparten av inntektene. Og det vart det mest lønsame OL nokon gong for arrangøren.  

I dag er det IOC som kan stille krava. Og det gjer dei til gagns: Oslo har fått 7000 sider med krav og spesifikasjonar frå IOC i samband med den moglege søknaden om OL i 2022, melde NRK nyleg. Men innhaldet er hemmeleg, og ikkje eingong Oslo bystyre fekk sjå krava før det skulle røystast over OL-søknaden sist veke. Berre Noregs idrettsforbund og OL-etaten i Oslo kommune har fått sjå lista.  

– Det er slikt du kan gjere når du veit at det er ein kø av byar som søkjer, seier Harry Arne Solberg.  

I tillegg til krava frå IOC stiller òg dei internasjonale idrettsforbunda krav som driv opp kostnadene, påpeikar han.  

– I sport er det alltid ein konkurranse om merksemda. Hoppbakkane må bli større og større for å halde interessa oppe.  

Likevel ønskjer ikkje IOC altfor store OL-kostnader, meiner Solberg. Han trur prislappen på både Beijing-OL i 2008 og det komande vinter-OL i Sotsji i Russland er for høg etter IOCs smak.  

– Når kostnadene blir så ekstreme, kan det skremme framtidige søkjarar. Og IOC er interessert i å halde oppe konkurransen om å få OL.  

LES OGSÅ: OL promoterer fedme

Staten betaler  
Når ein veit kor dyrt eit OL er å arrangere, og når ein veit kor sørgjeleg lite det vanlegvis blir av auken i turisme og dei andre påståtte positive ringverknadene, kan det verke utruleg at så mange byar i verda slåst om å få arrangere OL. Men for sjølve byen kan det likevel vere rasjonelt å søkje, meiner Solberg.  

– Ved å arrangere OL kan ein by få eit sugerøyr ned i statskassa, og få tak i pengar til infrastruktur som ein elles ikkje ville fått. Eit OL kan dermed vere lønsamt for Oslo by, fordi staten vil ta så mykje av rekninga. Det driv òg opp kostnadene. Om du skal kjøpe deg bil og veit at foreldra dine betaler 80 prosent av kjøpet, tek du neppe den billegaste modellen.  

Billeg-OL  
Så blir spørsmålet kor mykje lenger statane i verda er villige til å strekkje seg for å lage tidenes OL. Russland går lenger enn alle: Sotsji-OL i 2014 ligg visstnok an til å koste nærare 300 milliardar kroner, i så fall tidenes soleklart dyraste OL. Men tida kan no vere inne til å snu trenden, meiner Andrew Jennings.  

– Over heile verda byrjer folk å bli forbanna på krava om nye, dyre idrettsanlegg til kvart OL. Det som trengst, er motet til å seie frå. Noreg kan gå føre med eit godt døme. De kan seie til IOC: Ja, vi vil arrangere OL, men ikkje bruke slike absurde summar, seier Jennings.

 – Det er ingen grunn til å bli med på inflasjonsleiken. Lat Vladimir Putin bruke latterlege summar for at han sjølv skal sjå bra ut. Noreg kan seie: «Vi skal lage tidenes billegaste OL!» Det ville vere eit bra slagord.  

LES OGSÅ: London-OL verdt pengane

– Vi held kostnadene nede
 – IOC driv ikkje opp OL-utgiftene. Tvert imot, seier IOC-medlem Gerhard Heiberg.  

Gerhard Heiberg har i mange år vore IOCs andlet i Noreg. Han har vore IOC-medlem sidan 1994, sit i styret for organisasjonen og er leiar for marknadskommisjonen. Heiberg avviser fullstendig at IOC driv opp OL-kostnadene.  

– Vi har prøvd å halde att på kostnadene heile tida. Vi har stogga auken i talet på OL-greiner og deltakarar. Når vi held kostnadene nede, blir det mogleg for fleire byar å delta i konkurransen om å arrangere OL.

 – Men den konkurransen driv vel i seg sjølv opp kostnadene, ved at kvar by vil overgå dei andre med ekstravagante opplegg?  
– Det er feil. Vi er opptekne av etterbruken av anlegga, vi vil ikkje ha spøkjelsesanlegg. Investeringane skal vere låge, og alle arenaer skal kunne brukast etter leikane. 

– Når konkurransen om å få OL er hard, må det vel vere freistande å kome med spektakulære planar for å vinne?  
– Vi vil at OL skal vere kompakt og ikkje stort og spektakulært. Det er ein del arrangørbyar som brukar OL til å få bygd ut infrastrukturen, men vi er ikkje opptekne av spektakulære anlegg.  

Dyr tryggleik  
Det er dei auka tryggingskrava på grunn av terrorfare som har drive opp kostnadene i seinare OL, meiner Heiberg.  

– Dette var utslagsgjevande for utgiftsauken under London-OL. Tryggleik er prioritet nummer ein.  

– Men tryggingstiltaka er likevel ein mindre del av dei totale utgiftene ved eit OL?  
– Nei, det er ein stor del. Vi reknar med at eit sommar-OL skal koste kring 10 milliardar dollar inkludert investeringar i infrastruktur. Det var der utgiftene låg i fleire OL, frå Barcelona i 1992 av. 

 – Kor stor del av kostnadene ved eit OL er knytt til tryggingstiltak?  
– Det hugsar eg ikkje, men dei har i alle fall gått kraftig opp. 

 – IOC har sendt 7000 sider med krav og spesifikasjonar til Oslo som kandidatby. Kvifor er ikkje krava offentlege? 
 – Det viktige er at kvar søkjar får sjå på dette. Det er ope nok som det er. 

 – Men kva er grunnen til at det er hemmeleg?  
– Det kan eg ikkje svare på. Eg kjenner ikkje alle desse detaljane.  

– Eg skjøner at IOC stiller krav til arrangørbyane. Men krava de stiller, må jo òg ha noko å seie for kostnadene.  
– Det er rett. Men eg veit ikkje kva det er i krava som ein ikkje kan offentleggjere, og det har eg ikkje tenkt å setje meg inn i.

LES OGSÅ: Krev nasjonal folkeavstemming om Oslo-OL

 – Fornuftig fordeling  
– Fordelinga av tv- og sponsorinntektene til OL har endra seg mykje dei siste tiåra. Arrangørane får mindre, IOC får meir. Kva kjem det av?  
– Kring femti prosent går til arrangørbyane. IOC får kring sju prosent av inntektene frå tv-rettar og sponsorar. Resten går ut att frå oss til nasjonale olympiske komitear og internasjonale idrettsforbund.

 – Professor Harry Arne Solberg seier at kring 68 prosent av tv-inntektene gjekk til IOC ved siste OL?
 – Det stemmer nok ikkje. Kring femti prosent går til arrangørbyane. Og dei totale inntektene har auka mykje, dermed får arrangørane meir pengar.  

– Når fleire byar konkurrerer om å få arrangere OL, gjev det IOC meir makt i forhandlingane om fordelinga?  
– Det vil eg ikkje seie. Dette blir avgjort før kvart OL, og vi meiner vi har funne ein fornuftig måte å gjere det på.  

– Er dagens fordelingsnøkkel rimeleg?  
– Eg synest det. Eg har ikkje møtt på motstand mot dette, seier Gerhard Heiberg.

Les saka i Dag og Tid!

Kva meiner du? Bør Oslo søkje om vinter-OL i 2022?