Pressar på for fleire helsesøstrer

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helsesøstrer opp i regjeringa

55 ungdommar frå heile Noreg deltok tysdag på Ungdommens storting. Blant sakene som kom opp var skulehelsetenesta. Sandra Anita Tønne frå Ungdommens fylkesting i Nordland tok til orde for ei helsesøster i 30 prosent stilling per 100 elevar. Ho viser til store forskjellar mellom skulane, og fortel at ei helsesøster på Brønnøy vidaregåande hadde under to timar i veka til 100 elevar i 2011.

– Ungdom som slit må få hjelp på eit tidleg tidspunkt. Tidleg samtale kan vere avgjerande for folk som slit psykisk. Helsesøster kan òg vera med å visa vidare viss ho føler at dette er noko ho ikkje kan gjere noko med. Difor er det viktig at ein slepp å stå i kø hos helsesøster, sa Sandra Anita Tønne.

LES OGSÅ: Fleire tusen manglar helsestasjon

Tek opp forslaget i regjeringa
– Å få fleire helsesøstrer er eit veldig godt forslag. Eg har allereie snakka om saka med helseministeren, og trur dei andre i regjeringa blir veldig einige med oss, sa Halvorsen og understreka at ho ikkje synest helsesøstertilbodet er lovpålagt i tilstrekkeleg grad. Det er òg viktig å sørgja for at pengane går der dei faktisk skal, sa Halvorsen.

I helga møtest heile regjeringa til budsjettkonferanse. Då legg ministrane fram sine forslag til kva staten skal bruka pengar på i 2014.

– Eg tek med meg dette tydelege kravet dykkar, sa Kristin Halvorsen og lova å sitera frå det ungdommane hadde tatt opp.

LES OGSÅ: – Mobbeskulane må bøteleggjast

Skal følgja opp mobbeskular
Kunnskapsministeren fekk òg spørsmål om kva ho vil gjera i kampen mot mobbing.

Marit Krogvold Eriksen føreslo å jobba for mobbe-frie skular og at det blir ein lågare terskel for å seia ifrå om mobbing. Margit Kristine Axelsen føreslo å ha elevvakter som passar på at ingen er åleine og blir mobba, og ei rad andre tiltak.

– Dei skulane som har fleire som blir mobba over tid skal få tett oppfølging, lova Kristin Halvorsen.

LES OGSÅ: Mange Oslo-ungdommar slit psykisk

Krev kommunepsykolog
Ragnhild Underlid frå Firda vidaregåande føreslo å innføra eit av krav om kommunepsykolog i alle kommunnar i Noreg.

– Fleire unge må få hjelp. Talet på unge uføre aukar. Di fortare ein tar tak problema, di fortare blir ein betre, seier ho til Framtida.no.

Stillingane må vera stor nok til å dekkja behovet i kommunen. Det skal vera like lett å få ein time hos psykologen som å få ein time hos legen, skriv ho i forslaget sitt.

– Noreg har råd til å prioritera befolkninga si psykiske helse, legg ho til.

Held fast på fråversføring
Brit Holø frå Ungdommens fylkesting i Oppland tok opp føringa av fråver. Ungdommens fylkesting gjekk inn for at fråveret i samband med frivillig engasjement skal førast for seg sjølv. Saka blei ei av fire saker som komiteen ho deltok i gjekk inn for å ta opp. Dette er eit tema som var oppe på Ungdommens storting i fjor òg.

Kristin Halvorsen sa at dette er ei sak ho har tenkt nøye over, og at ho har bestemt seg for at reglane skal vera som dei er.

– Eg har tilsett ein god del folk opp gjennom tida, og engasjement har alltid vore positivt. Eg tilrår dykk å leggja ved ei forklaring for fråveret dykkar, sa ministeren.

Les fleire saker frå Ungdommens storting etter kvart som blei dei blir lagt ut her!