≡ Meny
Framtida

i samarbeid med ABC Startsida

Tema: Dialekt, språk, quiz

Prekær du bælbra?

Østfold-dialekten blir ofte parodiert, flira av og sett ned på. Det har kanskje blitt ei vane, men her kan du testa kor godt du kjenner dialekten.

Anders Veberg
fredag 27. mars 2015 10.59

Prekær du bælbra? Lange Flate Ballær er ein av filmane som brukar Østfold-dialekten for å vera artig. – Det kan verka som dei som lagar sketsjar og komediar berre har hamna i den vanen, seier Magne Aasbrenn. Foto: Zwart Arbeid, Mediaparken produksjon

I boka «250 slengerær» har østfoldingen og målmannen Magne Aasbrenn gått Østfold-dialekten i saumane – noko han også har gjort i Fredriksstad Blad gjennom fleire år. I språkspalta «Slengerær» skreiv han sjølvsagt på Fredrikstad-dialekten, og fann etter kvart ut at det var på tide å samla alle desse mellom to permar.

– «250 slengerær» er også ein av dei første norskspråklege e-bøkene som ligg til sal for Kindle hos Amazon. Ei stund låg ho faktisk på salstoppen blant «Best Sellers Norwegian Books» i konkurranse med Bjørnstjerne Bjørnson og Herodes Falsk. Eg har også hatt eit sal til New York, seier Magne Aasbrenn om boka.

Magne Aasbrenn har samla saman eit utval av Østfold-ord i denne quizen – test deg sjølv!

Utskjelt og uthengd
Noko av det som gjer Østfold-dialekten spesiell i Noreg, er rolla den har hatt i norsk humor. Frå Raymon, via Lange Flate Ballær og fram til fleire sketsjar av Martin Beyer-Olsen har tjukk Østfold-dialekt vore humor – og det er fort gjort at nokre av østfoldingane sjølv kan bli litt såre i all humoren.

Det er ikkje lenge sidan Språkrådet gjekk ut og kritiserte NRK for å sparka nedover med si mobbing av Østfold-dialekten, noko som skapte ein debatt om kor egna dialekten var til formell bruk.

– Det kan verka som dei som lagar sketsjar og komediar berre har hamna i den vanen, svarar Magne Aasbrenn på spørsmålet om kvifor det er Østfold-dialekten som får smaka.

– Mange spør seg: Kvifor oss heile tida? Det blir ei stereotypifisering ut av det. Det som trengst, er fleire østfoldingar med andre rollar, både i skjemt og alvor, som Østfold-politikarar som tør å "preke" og ikkje legg om til grannaste Oslo-mål så fort dei går av toget på Oslo-S.

Prøv også denne quizen – kan du svalla halling?

Ekstremgata Østfold
Det er i alle fall ein sketsj som vitsar med Østfold og dialekten som også får Aasbrenn til å flira. I NRK-programmet «Norske fordommer» av Martin Beyer-Olsen og Lars Berrum vitsar dei med Ekstremgata Østfold.

– Den synest eg er godmodig og fin, og peikar på at me faktisk har ei ganske ålreit integrering på gang her nede trass i at vi til tider blir sett på som eit terrorist-reir.

LES OGSÅ: Østfold, nynorsken og eg


Oppdatert: fredag 27. mars 2015 11.03
Kommentarar

Prekær du bælbra?
Magne Aasbrenn er så glad i Østfold-dialekten at han laga ei bok om det – no kan du ta quizen her. Foto: Privat


 
ANNONSE: