Pontus på nye eventyr

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny bok frå Nordstoga

På ei flåte dei flyt i land, katten Pontus og venen hans, til ein by der alt er i eit evig kaos. Trubadurane, som er vande med store publikum og applaus, prøvar etter alle kunstens reglar å skape merksemd med alt frå trylling til febrilsk song eller krakilsk felespel, men innbyggjarane er meir opptekne av sitt eige rot og kaos som er eit resultat av Kaptein Snusks elendige styring. Noko må gjerast, og det litt fort. Ei lita jente med rustraudt hår veit råd. Saman med trubadurane skjer der endringar, nå kjem både sokkar i par og kyrkjetårnet kjem seg opp frå skeiva.

LES OGSÅ: Meir for dei minste frå Odd Nordstoga

Oppmoda av forlaget
«Eg og Pontus går i land» heiter den nye sjarmerande barneboka til Odd Nordstoga, illustrert av Rune Markhus. Boka blei lansert i slutten av oktober, mest eitt år etter at me blei kjent med den underhaldande katten for fyrste gong i boka «Eg og Pontus går for gull».

På verserim blir ein fanga av leikande lett tekst, og detaljane i Markhus sine illustrasjonar får fantasien til å løpe løpsk.

«Like taktfast og fartsfylt som i fyrste bok, men kanskje endå meir overraskande og sjarmerande», melder forlaget og me seier oss samde med dei. Dette er ei barnebok som går rett heim hos målgruppa, og gjerne hos foreldra også.

Nordstoga seier at ideen om ei ny barnebok kom til under innspurten av den fyrste boka.

– I ein augneblink av entusiasme så fann me ut at dette var noko som eigna seg for fleire bøker. Så blei det sett ein frist av forlagsredaktør Nina Méd i Gyldendal, elles hadde det ikkje skjedd så raskt, trur Nordstoga.

Både han, og Rune Markhus som teiknar, er travle menn, så tidsfristen frå forlaget var avgjerande.

LES OGSÅ: Om sjetteklassingar og dragar og sånn

Skulle bli ein song
– Når blei «Eg og Pontus» skapt?

– Det starta for min del som ein uferdig songtekst som bare var i notatboka. Så kom spørsmålet, som det har blitt ein del av, om å skrive eitt eller anna for barn. Slik kom ideen om å skrive ut songskissa til ei litt lengre historie.

Nordstoga fortel at desse to bøkene er med på å utvikle paletten, sidan han ser på bøkene som øving og få kjennskap til å byggje opp ei historie.

– Det er bra å bare sitje med tekst og fokusere på det, og det er veldig moro også når illustrasjonane blir med og fortel historia. Plutseleg er noko som ikkje fanst, noko som finst, seier han.

LES OGSÅ: Super utfordring

Songforteljing på app
– Er det planar om å lage den nye boka som app, slik du gjorde med «Eg og Pontus går for gull»?

– Når så manuset er ferdig, så ligg det jo veldig til rette for å lage det til ei songforteljing. Og det har eg gjort til begge bøkene. Den nye boka føregår jo i eit maritimt miljø, og då blei det litt for freistande å legge det til ein sjømannsvals. Og for min del så blir jo forteljinga litt forløyst når ein får på litt trekkspel og melodi og song og snakk om kvarandre. Då får ein enno litt meir kjøt og blod på det. Og for dei som hugsar Vidar Sandbeck, Prøysen og dei andre som hadde «Barnetimen for dei minste», så skjønar dei vel kor eg har inspirasjonen til det grepet frå, seier Nordstoga.

– Får me gleda av fleire bøker om Pontus og venen i framtida?

– Det veit eg ikkje nett nå. Men to er vel litt lite. Det høyrest i alle fall langt stiligare ut med ein trilogi …

LES OGSÅ: Tre av åtte nominerte er nynorske

Artikkelen var først publisert i Vest-Telemark Blad