Politikarar bør ikkje tøffe seg

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er i det store og det heile ganske lite politikarforakt i meg. Eg trur politikarar har mykje for seg, og eg synest dei i nokså stor grad får til ting. Ikkje alltid, sjølvsagt, og ikkje alle, men sånn stort sett ser eg liten grunn til forakt.

Men eg kjenner at akkurat her slit eg: Når politikarar skal tøffe seg. Sannsynligvis for å kompensere for alle åra av livet dei har kasta vekk på ørkeslause møte og bruopningar og debattar som går i loop, sannsynligvis for å fortelje seg sjølve at det har vore verd det, trass alt, for det har då også vore spenning og drama. Som når Jens Stoltenberg no fortel at han fraksjonerte for å bli kvitt Thorbjørn Jagland som partileiar ein gong for lenge sidan. Han fniser litt når han seier det, men han fortel om hemmelige møte. At ein liten gjeng med folk som stolte på kvarandre møttest i hemmeligheit i ei leilegheit på Bislett i Oslo, og der la dei skumle planar, sannsynleigvis med gardinene trekte for, og dei passa på å komme til ulike tider og frå ulike kantar, slik at ingen skulle sjå dei og forstå at her var det noko muffens. Dekknamn hadde dei sikkert også. Og dei var altså langt over tolv år gamle på dette tidspunktet.

Eg har tilfeldigvis budd i denne bydelen der leilegheita med dei hemmelige møta fann stad, så eg kan lett sjå meg sjølv i desse gatene, og sjå for meg korleis eg ville reagert om eg tilfeldigvis blei vitne til eit slikt opptrinn.

No kan det sjølvsagt hende det ikkje var slike som meg Stoltenberg og co var redde for. Det kan hende dette er endå verre enn eg trur, og at Thorbjørn Jagland hadde spionar planta i utvalde bydelar i hovudstaden på denne tida, for å avsløre fraksjonering. At Jagland-lojale AUF-arar med ambisjonar takka ja til å stå på gatehjørne forkledde som vanlige menneske med REMA-posar. At det stod Jagland-sympatisørar i mørke solbriller på uteserveringar og amatørmessig rulla seg ein røyk medan blikket jakta på menneske i dress og drakt som ikkje såg ut til å høyre heime der.

Men av ein eller annan grunn trur eg ikkje det.

Så korleis ville eg reagert dersom eg tilfeldigvis ein dag såg tre-fire kjende politikarar rusle saman, og så gå saman inn i ein bygard. Ville eg tenkt: Her er det fraksjonering på gang, eg må ringe VG med en einaste gong? Neppe. Eg ville vel tenkt at der går dei, og så hyggelig at dei har fellesmiddagar i politikken. Eller noko. Dei skal vel på eit møte. Noko slikt hadde eg tenkt. Viss dei var normalt kledde, og ikkje kledde som politikarar, så ville eg sannsynligvis ikkje lagt merke til dei i det heile tatt.

Men:

Viss eg derimot hadde sett ein av våre mektigaste politikarar snike seg rundt hushjørna, gløtte nervøst på klokka, sjå mistenksomt på mannen som amatørmessig rullar seg ein røyk på uteserveringa, for så å gå bort til ei dør, ringe på, og seie litt for lavt: «det er Bjarne, eg har med vinen», når eg veit at denne mannen ikkje heiter Bjarne, han heiter Jens, og han har, så vidt eg kan sjå, ikkje med vin, og så, fire minutt seinare, kjem ein annan av våre mektigaste politikarar, innstudert slentrande, plystrande kanskje, rundt ein anna hjørne, ringer på den same dørklokka og kviskrar: «det er Berit, eg har med salaten», då ville eg tenkt at her er det noko muffens.

Og eg ville naturligvis også tenkt: Dette er ikkje bra. Desse folka må aldri få styre landet.


Først publisert i Aftenposten 1. oktober.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!