Pengar å tene på å plukke søppel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Sogn og Fjordane kan innbyggjarane no plukke ein søppelsekk med skrot og boss, ta bilete av det og tene 100 kroner, skriv avisa Firda.

Dette er ein del av ei prøveordning som Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane, Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har sett i gang.

– Vi startar ei panteordning, der alle som plukkar søppel langs strender, vatn og elver, får 100 kroner per fulle sek, uttaler Marit Bendz, fylkessekretær i Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Norsk torsk har plast i magen

Ifølgje pressemeldinga gjeld ordninga dei sju kommunane som er med i SUM, som er Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular, Førde, Naustdal og Jølster. Blir ordninga vellykka, håpar Naturvernforbundet at dei kan utvide dette til resten av fylket.

Dei som vil vere med, må registrere ryddeaksjonen sin på www.holdnorgerent.no.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane forvaltar panten, som Sparebankstiftinga har løyvd pengar til. I tillegg til registreringa hos Hold Norge Rent, må ryddarane sende foto, mengd og kontonummer til Naturvernforbundet.

Aksjonen varer fram til 15. oktober. (©NPK)

LES OGSÅ: 2050: Meir plast i havet enn fisk