Panfile Rebecca (16) vil ha betre seksualundervisning

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha betre seksualundervisning

– Me lærte ikkje noko om at kanskje venene våre kan ha ei anna legning, og at nokon er fødd i eit anna kjønn. Det var lite snakk om aksept og ekte menneskjer.

Det seier Rebecca Ponce, som går fyrsteklasse musikklinja på Vågen vidareegåande skule i Sandnes.

Ho er økonomiansvarleg i Humanistisk Ungdom Sandnes og omegn, og brennande engasjert i seksualundervisning.

LES OGSÅ: Kjønnspøbelen Kristin Fridtun

Går utfrå at alle er hetero
I sosiale medier-kampanjen #minSEXed freistar organisasjonen å setja fokus på det dei meiner er ei for heteronormativ og teknisk seksualundervisning.

Leiar i Humanistisk Ungdom, Arnlaug Høgås Skjæveland, ser at mange som ikkje er heterofile, opplever at dei blir oversett i seksualundervisninga.

– I tillegg ynskjer mange at det skal snakkast meir om grensesetting og samtykke, og at seksualundervisninga vert meir reflekterande enn den tavleundervisningsversjonen dei får i dag. Det er lite om kjensler og lyst, men meir teknisk forplantningslære og symptom på kjønnssjukdommar.

Ho er særleg uroa for at dagens seksualundervisning framandgjer mange personar, dersom det berre dreier seg om korleis to personar av motsett kjønn har sex.

– Eg trur det gjer skeive meir unormale enn dei er. Ikkje gå utifrå at alle elevane i klassen er heterofile. Om ein tek utgangspunkt i ulike måtar å få nyting, er det noko som ofte vil vere likt, om det er likekjønna sex eller sex mellom to ulike kjønn.

LES OGSÅ: SU vil ha sexleketøy på pensum

Pugga prevensjon
Vidaregåandeeleven Rebecca Ponce (16) er ein av dei som sakna mykje i seksualundervisninga. Sjølv om grupper som lesbiske, homofile, bifile og aseksuelle vart nemnt, opplevde Rebecca at desse vart framandgjorte.   

I seksualundervisninga måtte dei pugge prevensjonsmidlar, læra om reproduksjon og kjønnssjukdommar, graviditet og abort. Seksualitet vart framstilt som om det berre handla om reproduksjon.

– Men læraren vår var veldig komfortabel, noko eg veit er ei utfordring andre stader. Mange får eit unaturleg syn på ting. Ikkje alle lærer nok, til dømes fordi læraren er flau eller konservativ. Detteer ein veldig viktig del av det å vere menneske, likevel vert det gøymt vekk så godt som mogleg.

Ho er klår på at seksualundervisning burde vore ein del av lærarutdanninga, fordi usikre lærarar kan bidra til at sex vert tabu. Ho saknar eit tydeleg læreplanmål og undervisning, som sikrar at alle får god nok seksualundervisning, uavhengig av enkeltlærarar sin varierande kunnskap, interesse og personlege haldningar.

Ho får støtte av Høgås Skjæveland i Humanistisk Ungdom, som ser på utvidinga av lærarutdanninga som ei gyllen moglegheit til å bake inn seksualundervisning.

Leiaren i Humanistisk Ungdom meiner skulen si oppgåve er å skapa gode haldningar, samt fostre kritisk refleksjon ungdommane kan bruke i møte med informasjon, mellom anna på internett.

– Det viktigaste er å læra seg å snakka om sex, å ha språket og kunne snakka om respekt for eigen og andre sin kropp.

LES OGSÅ: «Eg vil berre vere ei vanleg dame»

Panfil
Rebecca Ponce er ein engasjert 16-åring frå Sandnes, som definerer seg sjølv som panfil, ei legning ho ikkje fekk høyra om i skuletimane.

– Eg følte at det ikkje stemte på meg. Eg visste at eg ikkje var homofil, fordi eg har vore forelska i gutar. Så det var berre ingenting som stemte. Men då eg høyrde om panfil, var det ikkje noko tvil, forklarar Rebecca, som sjølv fant fram til legninga si på nett.

Panfil kan minna om bifil, fordi personen vert tiltrekt av menneskjer uavhengig av kjønn. I fjor gjorde Miley Cyrus legninga verdskjent etter at ho stod fram.  

– Det hadde vore greitt for meg å kjenna til at det er mykje innafor LHBT+. I tillegg ville det vorte meir akseptert om folk visste at det er reelt. Ein kan ha fokus på at det finst mange legningar, sjølv om ein ikkje tek opp alle, foreslår Rebecca.

LES OGSÅ: No er eg ikkje lenger eit mørketal

Grensesetting
I tillegg til LHBT+-saker, er grensesetting ei av dei sakene ho verkeleg sakna i seksualundervisninga.

Rebecca er ikkje i tvil om at seksualundervisninga kan ha ein større voldtektsførebyggjande effekt. Ho peikar på at ikkje alle voldtektssaker vert utført av ein som vil forgripa seg på offeret, og at ungdommar treng å læra meir om kva som er greitt og ikkje.

– Det er jo nokon som heilt ærleg meiner at fordi nokon går rundt med lite klede, så er det ok å ta på dei, seier Rebecca oppgitt.

Haldningskampanjar som Amnesty sin #neiernei, har dei seinare åra fått stor plass i russetida. Dette meiner Rebecca er for seint, sidan mange har debutert tidlegare. Ho understrekar at informasjonen og forståinga av korleis ting bør gå føre seg, må koma tidlegare.

LES OGSÅ1 av 10 jenter har opplevd overgrep

Samtykke
I ei undersøking gjort av Amnesty i 2013 svara berre 14 prosent at undervisninga dei fekk på skulen om voldtekt og grensesetting var god.

– Eg trur det aukar sjansen for overgrep og at ein får trakka over sine grenser. At ein aldri får eit begrep om kva som er greitt og ikkje greitt, og korleis snakka med ein partner om kva dei vil og ikkje vil, seier Høgås Skjæveland.

– Elles i samfunnet vert det signalisert at jenter skal førebyggje overgrep med å vere ekstremt tydelege. Om du ikkje vil må du skrike ut nei og vise med heile kroppen, elles er det ikkje godt nok. Medan gutar gjerne opplever press på at dei skal vere tøffe og dei skal ikkje nødvendigvis visa så mykje omsorg.

Nettopp difor meiner ho det er viktig at ungdommane lærer at dei må spørja om samtykke – at det ikkje er så farleg.  Ho viser mellom anna til Redd Barna-rapporten «Den som er med på leken», der fleire jenter fortel at dei set pris på å bli spurt. Ungdommane ynskjer seg –  i likheit med Høgås Skjæveland – betre undervisning og fleire helsesystrer.

LES OGSÅ: Rapport: Unge veit for lite om overgrep

Treng meir aksept
Kjønnsdelt seksualundervisning ser Rebecca Ponce på som ein uting, som skapar større forskjellar og gjer folk ukomfortable. Ho meiner kunnskap om alle kjønn og legningar, er viktig for betre forståing.

– Nokon seier: «Du kan jo berre lese på Internett». Men det er skulen si oppgåve å læra bort dette – òg til dei som ikkje er interessert. Dei må òg få informasjon, slik kan me kan få meir aksept – og der tykkjer eg ikkje me er endå.