Pågreip aktivistar i Hong Kong

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I slutten av september tok studentar i Hong Kong til gatene i protest mot at Beijing ynskjer å førehandsgodkjenne kandidatane til ny leiar i byen, som skal veljast i 2017.

I over to månadar har aktivistane i det som vert kalla Paraply-revolusjonen, demonstrert for demokrati. Rørsla har fått kallenamnet sitt etter paraplyane aktivistane nytta for å beskytta seg mot politiets tåregass.

80 pågripne
I storaksjonen i går vart studentleiarane Joshua Wong og Lester Shum pågripne då politiet rydda protestområdet i bydelen Mang Kok, melder NTB.

Ein domstol har tidlegare vedteke at demonstrantane må fjernast. 

Fleire tusen politifolk skal ha delteke i storaksjonen då politiet rykka inn mot hundrevis av demonstrantar som framleis haldt til i Mang Kok. 

Ein fotograf i avisa South China Morning Post er blant dei som melder om at han vart utsett for tåregass då han dekkja aksjonen.  

Tilsaman 80 demonstrantar vart pågripne i den fleire timar lange aksjonen.

Området vart opna for trafikk for fyrste gong på to månadar etter aksjonen, som vert rekna som ein stor siger for myndigheitene i området.

Ifølgje NTB var det fleire personar som klappa då aktivistane vart fjerna.

LES OGSÅ: Historia i eit bilete

Protesterer framleis
Framleis held aktivistar til i eit lite område i Admiralty-distriktet, som ligg like ved regjeringskontora og eit større forretningsområde. Desse har ikkje tenkt å gje seg.

Demonstrasjonane i Hong Kong har vorte rekna som ein av dei største utfordringane for kinesiske myndigheiter sidan protestane på Den himmelske fredsplass i 1989.