På jobbintervju i klasserommet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Korleis er arbeidskapasiteten din?

– Kva likar du å driva med på fritida?

– Er du flink til å samarbeida med andre?

– Tek du initiativ sjølv?
 

Spørsmåla er mange og direkte, men tonen er god og avslappa. 

Det går for seg jobbintervju i klasserommet. Personaldirektør Erling Lodden og rekrutteringsansvarleg Vidar Steinsland hos Eidesvik AS sit og intervjuar to ungdomar etter tur. Representantane frå reiarlaget er invitert til 10. klasse ved Hillestveit barne- og ungdomsskule. På førehand har elevane skrive jobbsøknader til reiarlaget. Dei har søkt på to jobbar hos reiarlaget. 

Ein om bord i «Viking Avant» og ein jobb ved personalavdelinga. No er to av dei plukka ut til jobbintervju. 

Remy Larsen vert intervjua om skipsjobben, Elisabeth Edvardsen Tufteland om sommarjobben på land. 

I ein hestesko rundt dei, midt i klasserommet, sit resten av klassen og følgjer med på kva som går føre seg under intervjua. Dei har tilskodarplass til det som kunne vore eit heilt ekte jobbintervju, for spørsmåla Lodden og Steinsland stiller, er dei same som når nye medarbeidarar skal plukkast ut til arbeid for det store offshorereiarlaget, som har hovudkvarteret sitt i Langevåg, berre nokre hundre meter frå klasserommet.

Nyttig lærdom
– Korleis var det å vera med på eit jobbintervju?

– Eg har vore med på jobbintervju før, men dette var litt annleis. Eg syntest det gjekk greitt, seier Elisabeth Tufteland Edvardsen.

– Eg synest det gjekk bra. Det gjekk lettare enn eg trudde, og dette er mitt fyrste jobbintervju, seier Remy Larsen.

– Etter at de no har fått innblikk i kva som går føre seg i ein jobbintervjusituasjon, trur de at de vil stå betre rusta når de skal på eit ekte jobbintervju om nokre år?

– Ja, meiner dei to ungdomane, som synest det var nyttig å få med seg slik lærdom.

– Når de er vaksne og ferdigutdanna, kan de då tenkja dykk å jobba for Eidesvik-reiarlaget?

– Ja, eg vil gjerne gjera det. Eg ser for meg ei karriere til sjøs, i styrehuset på eit skip, seier Remy Larsen.

– Eg tenkjer ikkje i dei banar. Eg har lyst til å bli politi, seier Elisabeth Edvardsen Tufteland.

Elisabeth Edvardsen Tufteland vert jobbintervjua av Vidar Steinsland og Erling Lodden frå Eidesvik-reiarlaget, medan resten av klassen hennar følgjer med på kva som blir sagt. Foto: Nils-Tore Sele

Imponerte personaldirektøren
Tiandeklassen fekk gode skussmål frå næringslivsgjestene sine etter at jobbintervjuseansen på skulen var gjort unna.

– Korleis var det å jobbintervjua desse ungdomsskuleelevane?

– Dei imponerte meg, ærleg talt, seier personaldirektør Lodden. 

– Heile klassen har lagt ned ein stor jobb i å skriva gode jobbsøknader. Dei har verkeleg lagt sjela si i det, meiner han.

– Det er også ganske tøft gjort å stilla til eit jobbintervju der resten av klassen sit som tilskodarar, meiner rekrutteringsansvarleg Vidar Steinsland.

Begge syntest det var kjekt å vitja den lokale ungdomsskulen.

– Me ser på dette som litt av det samfunnsansvaret som vårt reiarlag kjenner at me har. I Eidesvik har me lang tradisjon for samarbeid med skulane. Me har vore mest på dei vidaregåande skulane og på høgskular til no, men dette er kanskje eit uttrykk for at me framover bør gå meir til ungdomsskular også, meiner personaldirektøren.

I samband med jobbintervjua, fekk elevane i klassen gode råd frå reiarlaget om kva framtidige arbeidsgjevarar ser etter når nye arbeidstakarar skal tilsetjast. Elevane fekk gode råd til utforming av jobbsøknader og CV, og gode råd til resten av ungdomstida. Eitt av råda var rett og slett å oppføra seg fint, og halda sin sti rein.

– Hamnar ein i strafferegisteret, vert det vanskeleg å få jobb på våre skip. Det har med å gjera at ein ikkje vil få visum til å sleppa inn i USA. Ver open og ærleg når du søkjer jobb, forklarte personaldirektøren.

Førebur elevane på framtida

Hillestveit barne- og ungdomsskule har i fleire år hatt utdanningsfag fast på timeplanen for dei to høgaste klassestega. Kvar klasse har to timar i veka med dette faget. At 10. klasse fekk vitjing frå Eidesvik-administrasjonen tysdag føremiddag, som gav elevane kunnskap om kva som skjer i samband med eit jobbintervju, er del av undervisingsopplegget i utdanningsfag i år.

Lærar Norvald Nytveit har ansvaret for utdanningsfag ved skulen, og var strålande nøgd med det som skjedde på tysdag.

– Dette var vellukka, og me er glade for at reiarlaget ville komma på vitjing til oss. Dette var nyttig lærdom for elevane, som om nokre år skal ut i sine fyrste jobbar. Etter å ha snakka med dei i dag, er det fleire som kunne tenkt seg å bli jobbintervjua. I forkant var fleire meir usikre på det, og det viser at dette har vore eit godt opplegg, seier han.

LES SAKA I BØMLO-NYTT!