Oslo voks fram på leire og møkk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo voks fram i det området som i dag vert kalla Sørenga, der den sørlegaste delen av området er danna av sandete avsetjingar frå utlaupet av Alnaelva, medan størsteparten av områda lenger nord har leiregrunn. Dette gav ulike føresetnader for framvekst av trehusbusetjing, kyrkjer og kongsgard i byen.

Ikkje minst fekk ein merka denne skilnaden når det regna, for leire og sand tek til seg vatn på heilt ulike måtar. Dette har påverka den lokale floraen i områda, og i dag er frøa frå plantane som har vakse her, noko av det vi finn i jordprøvene frå utgravingane på Follobaneprosjektet.

Vi kan sjølvsagt stikke fingeren i jorda, reint bokstaveleg, om vi vil undersøke korleis undergrunnen har vore i ulike delar av byen. Men plantefrøa fortel i tillegg om korleis områda har vore brukte, og korleis nye lag med jord og møkk har kome til når byen sakte, men sikkert har heva seg over det opphavlege bakkenivået. Skildringa under er basert på den informasjonen vi har kunna hente frå frøa etter berre éin av plantane som voks og treivst i mellomalderbyen.

Utgraving av fjøsbygning med båsar for husdyr. Bygningen har lege på sørsida av Bispealmenningen som hadde tilnærma same laup som Bispegata har i dag. Foto: NIKU

Ein regnvêrsdag i Oslo
Om vi kunne ta turen til Oslo ein regnvêrsdag på 1200-talet, ville vi raskt lært å setja pris på plankedekket som var lagt utover gatene og torget. Jamvel om det er grave ut eit stort nett av grøfter gjennom byen, er det ikkje alt regnvatnet som finn vegen dit med det første. Bakken er trakka ned og metta, og store delar av regnvatnet finn vegen nedover det svakt hallande terrenget mot fjorden i vest, i staden for å verte trekt ned i bakken. Overalt sildrar det små bekkar med regnvatn, og på vegen nedover mot fjorden tek vatnet med seg rusk og småpartiklar når det renn langs hus og fjøs, forbi latriner og avfallshaugar.

Det regnvatnet som endeleg når bryggene og fjorden, er metta med skitt og bakteriar frå ferda gjennom byen. Når regnet endeleg gjev seg, ser til gjengjeld plankedekket reinare ut enn det var før, der det glinsar vått i dei første solstrålane som kikar fram frå himmelen.

Blåleira under byen har mykje av skulda for at det vert slik, men det hjelper heller ikkje at lag på lag med møkk frå alle husdyra som høyrer til byen, har fått tårne seg opp gjennom mange tiår. Problemet er størst i dei nordvestre delane av byen, der trehus og bygardar ligg langs gatene, og tjukke møkklag ligg meir eller mindre direkte på leira.

Mot sør og aust har avsetjingar frå Alnaelva gjennom fleire hundre år før byen voks fram danna eit tjukt sandlag over leira, og her vert regnet i mykje større grad trekt ned i bakken når det regnar. Området er heller ikkje like intensivt brukt, for her har dei mektige samla seg. Kongsgarden og fleire kyrkjer ligg her, og plasseringa er ikkje tilfeldig. Den sandete, porøse jorda gjer det mogleg for kongsgarden å halde seg med ein gild urtehage.

For kyrkjene er plassvalet endå viktigare, og gravaren er nok den mannen i byen som veit å setja størst pris på avsetjingane frå elva.

Under utgravingane av områda sør for det som i dag er Bispegata har det vore vanleg at den nedste delen av kulturlaga ligg direkte på blåleira. Foto: NIKU.

Vi flyttar oss igjen nordover i byen til dei smale gatene som er omringa av små trehus. Kyr og småfe står i stampe og trakkar møkka på bakken endå hardare saman. Dei fleste dyra går på beite i takmarka rundt byen i sumarhalvåret, og det lettar på trykket. Likevel finst det alltid dyr att i byen, ikkje minst grisene som både et og skit møkk, og gjer seg feite på å slafsa i seg av næringa som flyt fritt i grøfter og bakgardar.

Frå fjøs og stallar vert møkka skuffa og samla opp til bruk som verdifull gjødsel, blant anna i åkrane som ligg tett rundt byen. Likevel vert det alltid litt igjen, og bakken veks seg stadig høgare og meir kompakt.

Når dei ikkje har vore på beite, har kyr og småfe togge i seg mest alt som har vakse av grøne plantar innimellom dei småe trehusa. På bakken er det derfor lite hjelp frå planterøter til å binda jord og møkk, og følgjeleg trakkar dyra nesten konstant i gjørme.

Det er likevel éin plante som trivst godt der dei andre må gje opp. Opp av gjørma og pyttane, gjerne halvt nedsokken i vatnet, veks ein liten plante med flikete blad og små, gulgrøne blomar. Han gjer ingen særskild nytte for seg, og giftig som han er, lèt husdyra han vera i fred. Derfor får denne planten spreie seg fritt i byen, og han veks og trivst langs grøftekantane der dyra ikkje så lett trakkar han i sund. Planten som trivst i leire og møkk

Tiggarsoleie (Ranunculus sceleratus). Illustrasjon: C.A.M. Lindman (1856–1928), Nordens Flora.

Planten heiter tiggarsoleie, og er den planten vi finn flest frø av når vi gjer botaniske undersøkingar av jordmassane frå Follobaneprosjektet.

Frøa ser ut til å vera spesielt talrike i dei undersøkte områda sør for Bispegata og nord for plassen der Nikolaikirken stod i mellomalderen. Mellom anna syner sju jordprøver frå det utgravne området mellom den no rivne Borgen i Bispegata 12 og ned til jernbaneverkstaden på Loenga at rundt 17 000 av over 20 500 frø i prøvene kjem frå tiggarsoleie. Dette er svært store mengder frø, men så er tiggarsoleie òg ein svært produktiv, eittårig plante som gjennom sumaren lagar fleire hundre frø per individ.

For kvar prøve som er undersøkt, har frøa vore til irritasjon fordi vi ikkje kan vita nøyaktig kvar dei kjem frå. Dei er introduserte med rennande vatn til alle kontekstane vi har undersøkt, og dei kan derfor ikkje brukast til å tolke dei einskilde prøvene eller kontekstane. For området som heilskap er planten derimot eit av dei mest verdifulle funna vi har, sidan han seier ein heil del om korleis dei lokale tilhøva har vore.

Når vi bruker denne nye kunnskapen saman med det vi allereie veit om mellomalderbyen og området han har lege i, er det mogleg å danne seg nye bilete av korleis det var å leva i byen.

Tiggarsoleie er som skapt for å vekse i Oslo i mellomalderen, og planten må ha hatt ein ekstrem tilbakegang frå den gongen og fram til i dag. Truleg har tilbakegangen vore sterkt korrelert med nedgangen av beitedyr i området.

I dei sandete områda lengst sør på Sørenga har tiggarsoleie alltid vore nærast fråverande. Dei fåe frøa som innimellom dukkar opp i prøver derfrå, har truleg følgt med menneske og dyr frå områda lenger nord, for planten trivst dårleg på dei porøse elveavsetjingane.

Mørketid?

Tiggarsoleie kan måla eit bilete av ein skitten, våt og ureinsleg mellomalder.

Førestillinga om mellomalderen som ei mørketid (eng: Dark Ages) byggjer til dels på ideen om at mellomalderen var eit opphald mellom antikkens filosofi, kunst og kultur, og den seinare gjenfødsla av denne (renessansen).

Det er ei førestilling vi ønskjer å gå vekk frå fordi ho spring ut ifrå eit farga kultursyn, og ikkje dei kunnskapane me i dag har om mellomalderen. Det er derfor viktig å poengtera at denne skildringa berre er eit lite glimt frå ein lang og samansett periode.

Utgravingsområdet Klypen Vest strekkjer seg frå den no rivne Borgen i Bispegata 12 som vi ser i forgrunnen, og ned til jernbaneverkstaden på Loenga som er synleg til høgre lengre bak i biletet. Her er det funne store mengder tiggarsoleie (Ranunculus sceleratus). Foto: NIKU

Først publisert på ktulturminnebloggen til NIKU på forskning.no