Oslo er kåra til Europas miljøhovudstad

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kåra til Europas miljøhovudstad

I konkurranse med 13 andre europeiske byar er Oslo kåra til Europas miljøhovudstad i 2019. Hovudstaden blei rangert høgst i åtte av tolv kategoriar.

Kandidatbyane er blitt vurderte på klimapolitikk, luftkvalitet, grøn innovasjon, kollektivtransport, biologisk mangfald, vasskvalitet og friluftsliv.

– Det er ei fantastisk anerkjenning for Oslo å bli kåra til Europas miljøhovudstad i 2019. Vi ligg i front på ei rekke område og passerte ein milepæl i fjor då fleire valde å reise kollektivt framfor å køyre bil. No satsar vi fullt på grøn innovasjon, grøne jobbar og grønt byliv, seier ein strålande fornøgd byrådsleiar Raymond Johansen (Ap). Han seier heile byen vert invitert med når Oslo i 2019 skal vise miljøløysingar for framtida saman med Europa.

Miljø- og samferdselsbyråd Lan Marie Berg (MDG) passar på å rette ein peikefinger til USAs president Donald Trump, som torsdag kunngjorde at USA trekker seg frå Parisavtalen. Aldri har rolla til byane vore viktigare, understrekar Berg.

– Medan Trump fornektar klimaendringane, ser vi no at byar over heile verda går føre i klima- og miljøarbeidet. Som Europas miljøhovudstad kan vi vise korleis det gode byliv og god politikk heng saman. Samarbeid på tvers av Europa kan gi fleire mot til å leie an i det grøne skiftet, seier Berg.

LES OGSÅ: Oslo kan få namn og skilt på samisk