– Oljeindustrien høyrer ikkje heime i dette århundret

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Okkuperer oljekontor

Aksjonistar frå Climate Action Scotland har opna eit «kontor for eit rettferdig grønt skifte» i hovudkontoret til Oil and Gas UK, ein lobbyorganisasjon for britisk olje og gassindustri, i Aberdeen i Skottland. Landet har i likskap med Noreg opplevd aukande arbeidsledighet og sviktande skatteinntekter som følgje av låg oljepris.

– Toppsjefane i olje og gassindustrien ser ikkje ut til å bry om at arbeidarar mistar jobben medan industrien kollapsar. Det er heilt nødvendig at det blir skapt nye jobbar når olje og gassindustrien vert overflødig og unyttig i takt med at regjeringa krev tøffare klimatiltak og oljefelta i Nordsjøen vert tomme. Gjennom å driva eit aktivt lobbyarbeid retta mot den britiske regjeringa for meir pengar og skatteletter, er Oil and Gas UK ein bremsekloss i utviklinga av langsiktige og berekraftige arbeidsplassar. Dei understøttene oljeindustrien på rekning av arbeidarar og planeten, seier Alys Mumford, ein av aktivistane.

LES OGSÅ: Klimautsleppa frå Noreg aukar

Young Friends of the Earth Europe, eit nettverk av  ungdomsorganisasjonar som jobbar med miljø, organiserer den lovlydige støtteaksjonen utanfor kontora i Skottland. Noreg er representert gjennom seks ungdomar frå Natur og Ungdom.

– Oljeindustrien høyrer ikkje heime i dette århundret. Land som Noreg og Skottland er heilt avhengig av å ta dei tøffe taka no, slik at vi kjem oss ut av oljeavhengnaden og inn i ei framtid basert på grøne arbeidsplassar og klimajobbar, seier Olav Nicolay Larsson Aga (bildet), sentralstyremedlem i Natur og Ungdom og styremedlem i Young Friends of the Earth Europe i ei pressemelding.

LES OGSÅ: 2015 var eit rekordår for fornybar energi