Oljefag utan venteliste og poenggrense

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For første gong på nærare 15 år kom alle søkjarane inn på bachelorstudiane i petroleum ved Universitetet i Stavanger. Det er ingen poenggrense, og ingen står på venteliste.

Etter at opptaket var gjennomført, har det lege plassar til både petroleumsteknologi og -geologi på restetorget, skriv Stavanger Aftenblad.

– Det er vanskeleg å tru at dette ikkje er ein konsekvens av oljekrisa, med dei skremmande tala ein får presentert, seier førstekonsulent Caroline Meling ved Universitetet i Stavanger.

Mens oljefaga heng tett saman med ein bransje med svingande konjunkturar, er det andre fag som er mindre påverka, og Meling seier dei ser at folk no søkjer tryggleik i studievalet.

For industriell økonomi er det framleis høgt karakterkrav, slik det er på petroleumsfaga når bransjen går godt. Sjukepleiarstudiet i Stavanger har rekordlang venteliste. Heile 895 søkjarar håpar det skal opne seg ei moglegheit der.

– Det er eit veldig stabilt yrke, som ikkje vil vere avhengig av korleis det går i marknaden, seier Meling. (©NPK)