Oftebro: Dette skal bli min beste film

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert på Studvest.

Vi legg merke til han med ein gong han kjem inn døra til hotellet. Det er det også mange andre som gjer. Det er Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) og skodespelar Jacob Oftebro er i byen for førpremiera av den danske filmen «Gullkysten».

Vonde åndar og impro
– Det var ei fantastisk og vanskeleg rolle, seier Oftebro om filmen, som no går på kinoar i både inn- og utland.

«Gullkysten» er satt til 1836 og handlar om den danske romantisje visjonæren Wulff, spelt av Oftebro, som reiser til Afrika for å lage plantasjar. Rolla som botanikar var utfordrande for skodespelaren.

– Han er jo eit renessansemenneske på mange måtar, og filosof og botanikar. Det krevde mykje å setje seg inn i rolla. Eg leste tolv bøker, tok eit par turar til botanisk hage, lærte meg å presse planter, og snakka med fleire botanikarar, forklarar han.

Oftebro røper også at store delar av filmen er improvisert. Manuset han leste i forkant, var noko heilt anne enn filmen slik han vart. Dei fleste scenene vart spelt inn i Ghana, noko Oftebro skildrar som ei svært annleis oppleving.

– Vi måtte rense alle innspelingsstadane for vonde åndar. Det var eit ganske fint rituale, fortel han.

Krevjande rolle
I filmen får han ein god ven og fast følgjesven i karakteren Lumpa, spelt av John Aggrey. Dei to har framleis eit nært forhold, sjølv om innspelinga er over.

 Han har ringt meg nesten kvar dag sidan då. Det er veldig hyggeleg. Han er utruleg søt, seier Oftebro med entusiasme i stemma.

I laupet av filminnspelinga måtte han gå ned 18 kilo på grunn av diverse hendingar karakteren vert utsatt for.

 Det var kjempetøft, og ikkje noko eg tilrår folk å gjere heime. For meg vart det ei ekstra utfordring i tillegg til å det å spele ei krevjande rolle. Eg jobba opp til 17 timar kvar dag, og åt praktisk tala ingenting. Det var veldig spanande, men eg er glad det berre varte i åtte veker.

Utforskar grusomheit og framandfrykt
Sjølv skildrar Oftebro filmen som spesiell og ambisiøs, og ikkje ein klassisk historisk film.

 Filmen er ikkje laga for å underhalde, men for å provosere. Den handlar jo på fleire måtar om menneskeleg brutalitet og kva makt kan gjere med mennesker, kva det er som driv oss til å gjere forferdelege ting.

«Gullkysten» tek også opp aktuelle tema som framandfrykt og rasisme.

 Eg syns at det er viktig å sjå tilbake på historia vår som menneske, for historia har ein tendens til å repetere seg sjølv. Å drøfte og stille spørsmål om rasisme er noko som er særleg relevant no med flyktningkrisa vi har i Europa, seier han.

Saka held fram under biletet

– Som skodespelar vert du nøydd til det, men det er veldig sjeldan eg sit og ser på filmar med meg sjølv og slapper av og nyter det. Då sit eg jo og evaluerer meg sjølv og føler at eg er på jobb. Foto: Katarina P. Aarsnes.

 Eg vil ikkje fortelje folk kva dei skal sitje att med, men eg håpar at dei sit att med noko. Dette er ikkje ei historie frå A til Å, eller ei sann historie. Den handlar meir om eit menneske som møter eit styresett og stiller spørsmål ved ting i samtida, som hovudpersonen tykkjer er feil. Det er det jo viktig at vi gjer i vår tid også.

Nytt språk gav dobbel arbeidsmarknad
Etter ein snarvisitt innom den norske filmen «Bare Bea» frå 2004, byrja han på Statens teaterhøgskule som ein av dei yngste skulen har teke inn.

– Teaterhøgskulen er jo veldig anerkjent, så for å få eit handtverk og eit nettverk er det veldig lurt å gå der. Det var ikkje så mange alternativ då eg skulle velje.

Oftebro snakkar varmt om skulen han gjekk på i tre år. Det siste året av utdanninga tok han i København. Det endte med at han fekk jobb der på eit teater som heiter Mungo Park, der han jobba i nesten tre år. No har Oftebro ein leiligheit i København, men han bur eigentleg ikkje nokon stad.

Ei utfordring han møtte tidleg i Danmark, var sjølvsagt språkbarrieren.

 Veldig mange som flyttar til Danmark legg berre litt om, sånn at danskane skal forstå kva dei seier, men det ender jo med at ein får eit sånt rart språk som ingen kan bruke til noko. Så eg slo over til dansk ganske fort, men det vart litt Harald Eia-dansk i starten. Danskane forstår jo ikkje eit kvekk norsk. Men det er få nordmenn som skjønar mykje dansk også.

Oftebro fortel om utallige timar med øving på dansk for å kunne gjere arbeidsmoglegheitene større.

– Plutseleg fekk eg jobb på teateret, og tenkte at «no må eg ta eg saman og lære dette ordentleg sidan eg skal få løn for å underhalde folk på dansk». Då hjelper det ikkje om dei står og irriterer seg over at eg snakkar dårleg.

Større i Danmark
Etter å ha gjort rollar i dei store norske filmane «Max Manus» og «Kon Tiki», gjorde Oftebro berre danske jobbar i nesten to år. Sjølv med dei norske storfilmane i tankane, meiner han framleis at han har gjort større roller i Danmark enn i Noreg.

Skodespelaren trekk fram den danse TV-serien «1864» som døme. Serien er på åtte epsiodar og omhandlar Danmarks nederlag i den andre slesvigske krig.

– «1864» var dødskult! Rolla som Laust Jensen var mi første store danske rolle. Eg spelte med nokre av dei beste skodespelarane i Danmark og vi var på enorme sett med over tusen statistar og gigantiske slagscener. Det var heilt utruleg!

Vidare røper han at slagscenene enda opp med å vere ganske improviserte grunna tidspress.

– Plutseleg kom det 1000 statistar med våpen mot deg, og så var det berre å slå dei ned. Det var jo det einaste ein kunne gjere? Ikkje på ordentleg då, men det vart brått veldig reelt sidan vi ikkje visste kva som skulle skje. Så den angsten og frustrasjonen som er på skjermen er ganske reell.

Evig pendlar
I framtida røper Oftebro at han gjerne kunne tenkje seg å få jobbe med Lars von Trier, men at det viktigaste er å få halde fram å jobbe som skodespelar.

 Eg har det eigentleg veldig bra. Eg er så privilegert at eg har to stader eg kan kalle heime, så eg håpar at eg kan halde fram med å jobbe begge stader. Det er mykje att å gjere. Eg vert aldri tilfreds, men kjenner at eg vert betre heile tida. Eg håpar alltid at det prosjektet eg held på med akkurat no, skal bli det beste eg har gjort.