Nytt, norsk dansespråk på film

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dansar seg til nytt språk

– Det er blitt produsert få profesjonelle dansefilmar med folkedans som uttrykk. Det ville me gjera noko med, seier produsent og koreograf Halldis Folkedal frå Granvin.

Saman med Sigurd Johan Heide frå Harstad i Troms har ho arbeidd med ni talent innanfor folkedans og – musikk gjennom talentprosjektet Sans for dans.

I dansekle i sju minus
Koreografane som er med i prosjektet er opptekne av det menneskelege og av at dansen er eit samtidsuttrykk.

– Deltakarane i prosjektet vart vald ut på audition.  Prosjektet er for dei mellom 18 og 26 år, og ein har deltakarar frå heile landet. Dette prosjektet har fokusert på utforsking av folkedans som uttrykk på film. I løpet av fire innspelingsdagar laga me fem dansefilmar og det må i alle fall vera den største dansefilmproduksjonen på ein gong i Noreg! Ungdommane i prosjektet har vore fantastiske. Nokre av filmane vart spelt inn i sju minusgrader ute, kaldt og surt var det, men deltakarane var verkeleg profesjonelle og positivt innstilte.

– Kvifor synest du det er viktig å gi folkedansen eit samtidsuttrykk?

– Eg tenkjer at folkedans, eller tradisjonsdans, alltid har utvikla seg i tråd med samfunnet og samtida rundt seg. Eg tenkjer også at kvar generasjon må laga si forståing av kva folkedans er, og gje dansen meining utifrå det. Dersom ein vil at ungdom skal dansa folkedans, så må ein presentera dansen på deira premiss.

– Det siste tiåret har det skjedd mykje på den profesjonelle folkedansarenaen, ein er kanskje i ferd med å laga eit nytt, norsk dansespråk og den utviklinga likar eg.

LES OGSÅ: Dansesteg

Filmdebut
Halldis Folkedal har vore aktiv på dansefronten i Granvin ungdomslag og Hardanger spelemannslag, og har lang utdanning innanfor dans og dansevitskap, og har koreografert ein del i undervisingssamanheng.

– Men dette er fyrste gong at eg lagar eit slikt enkeltståande produkt, ein kan i alle fall trygt seia at det er min debut som filmkoreograf!

– Kor lenge har du dansa?

– Eg dansa då eg var lita, eg hugsar også at me hadde mykje dansing på skulen. Då eg var rundt 16 år så vart eg veldig interessert i dans igjen, og sidan det har eg både teke utdanning innanfor dans og arbeidd med dans på heiltid.

– Korleis står det til med folkedansen i Noreg?

– Det skjer mykje positivt med folkedans i dag, samstundes så ser ein at folkedansen slit lokalt mange stader. Folkedansen har ofte vorte knytta til det frivillige organisasjonslivet, men dei frivillige laga er i endring, mindre aktivitet, færre eldsjeler og ein ser at folk «shoppar»aktivitetar i større grad enn tidlegare.  Eg trur at ein treng fleire profesjonelle folkedansarar, folk med folkedans som yrke, som både kan undervisa og som kan inspirera lokalt. Eg trur at ein må laga fleire stillingar til folkedansarar lokalt og regionalt, og ha samarbeid mellom skular, kulturskular og dei frivillige laga.

LES OGSÅ: Dansa vekk bekymringane

Her kan du sjå filmane:

Supermarius: Filmen handlar om stressa sjølvi-takande menneske som forvandlar seg til Supermariusar og Luigi. Filmen er inspirert av det kjende spelet Supermario, men med ein norsk vri. I Supermarius har nemleg dansarane Mariusgensar, dei skyt med snøballar i stadenfor eldkuler, og når dei kjem til i mål hoppar dei opp i tre i staden for flaggstong (eller hoppar opp på kvarandre når dei finn kjærleiken)

Saman og åleina: Handlar om relasjonen mellom to unge menneske, inspirert av dansen rudl frå Hardanger og Voss.

Polsdans: Ein treningsinspirert film basert på Nordlandspols. Lansering av ny måte å bruke tredemølle på!

Ringlendar: Basert på dansen reinlender.

Vals: Ei utforsking av å spela inn dans baklengs!

Faktaboks

• Noregs Ungdomslag er den største folkedansorganisasjonen i Noreg
• Organisasjonen har 14000 medlemer og rundt 400 lokallag, mange av dei dansar, andre driv med teater, ungdomsklubb eller andre aktivitetar
• Kvar sommar arrangerer ein sommarleir for ungdommar der ein kan velja mellom aktivitetar innanfor dans, teater og musikk – sjå sommarleiren.no!

Om deltakarane:
Ingeborg Hollekim Bringslid (Bergen), Lina Rebekka Kobberstad (Hornindal), Raphaël Audebert (Paris/ Oslo), Julie Barsøe Larsen (København), Sigrid Vaskinn (Kongsberg), Knut Bergan Nedregård (Kongsberg), Dina Bruun (Harstad), Tone Ingvaldsen (Bodø), Simon Hesselberg Løvald (Jar).